Image

Grunnleggande instruktørkurs i Bergen 27.-29. januar

Meld deg på kurset her!

Påmeldingsfrist 12. januar!

Om kurset:
På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren eller målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans.

På kurset kjem me óg til å vera med på samdansøvinga til barnestemnet.

Om kvelden er det dans-og spelmaraton i ungdomslaget. Dette er ei årleg tilskiping der ein samlar musikarar (solistar, grupper, spelemannslag) for å spela til dans om lag 30 min kvar. Det betyr at det kjem til å vera variert dansemusikk heile kvelden. Maratonen er sjølvsagt årets kjekkaste uthaldsløp for dansarar!

Maratonen går føre seg frå klokka 19 til 24. I tillegg til dans er det både kafé og sjanse til å vinna ein liten premie heim basert på inngangsbilletten. Billetten er inkludert i kursprisen.

Om instruktørane:
På kurset har me heile 3 instruktørar som vil spreie dansekunnskapen sin til deg. I tillegg vil Maria vera spelekvinne på kurset. Hovudinstruktør er Siri Strige. Siri kjem frå Bodø, arbeider som barneskulelærar til vanleg og har lang erfaring frå å undervise folkedans til ulike målgrupper. Med seg har ho Maria Skjeldrum Toppe og Silja Solvang. Maria og Silja har vore med på prosjektet Meisterinstruktør og -elev i NU. Dei har begge erfaring frå Bergen ungdomslag Ervingen, som dansarar, spelekvinner og instruktørar. Maria arbeider som musikkterapeut i Bergen kommune og Silja går på sjukepleiarutdanning.

Målgruppe for kurset: du som har dansa ein del eller mykje og vil bli/ er instruktør. På kurset vil me gjerne ha ein blanding av folk med instruktørerfaring og folk som er heilt ferske.

Kurstider
Fredag klokka 19-21
Laurdag klokka 10-17
Sundag klokka 10-14

Det vert lønsj begge dagar. Lønsjen er inkludert i kursprisen

Kurspris:
400 for medlemer i Noregs Ungdomslag
800 for ikkje-medlemer i Noregs Ungdomslag

Lokale: Gimle, Kong Oscarsgate 18,5017 Bergen

Overnatting: Deltakarane tingar overnatting sjølve. Bergen ungdomslag Ervingen har avtale med Hordaheimen som deltakarane kan bruka.
Enkeltrom : 695,- og dobbeltrom : 895,-

Alle tingingar kan gå via Ann Rita på Hordaheimen. Oppgje kode: folkedans. Nå Ann Rita på annrita(a)hordaheimen.no, tel: +47 55 33 51 04 eller mobil +47 98 04 42 68

Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign