Image

Forslag til nytt prinsipprogram

Landsmøtet 2017 skal vedta nytt prinsipprogram for Noregs Ungdomslag. Styret sender med dette eit programutkast på høyring, med frist for innspel 1. mars.

Forslag til nytt prinsipprogram:

Frilynd
Å vere frilynd er å vere tolerant, og å sjå mennesket for kva det er og kva det kan vekse seg til å bli.

Samfunnsengasjement
Ungdomslaga arbeidar for gode og livskraftige lokalsamfunn i heile landet. Medlemmane får mot til å engasjere seg og arbeide for det dei trur på. Gjennom deltaking i laga sine aktivitetar og demokratiske prosessar utviklar medlemmane seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske.

Folkeleg kultur
Noregs Ungdomslag brukar, formidlar og vidareutviklar kulturarv og folkelege kulturutrykk. Med humor, kreativitet, galskap og fantasi skaper vi samtidig rom for nye tankar og aktivitet.

Samværskultur
Noregs Ungdomslag har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar. Ein blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.


Ressursar:
Gjeldande prinsipprogram, vedteke på årsmøtet i 2015
Studiehefte for Kven Veit 2017, som har tema "Frilyndt" 
Skjema for høyringsinnspel, frist 1. mars





 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign