Image

Påmelding: Barnlek på Færøyane

Barnlek vert arrangert på vakre Færøyane i sommar og er noko som alle unge dansarar burde få oppleva.

 

Påmeldinga er no opna og den skjer via Noregs Ungdomslag. Det er same system som til Barnlek på Island. Påmeldingsskjema er på dansk og ligg nedanfor. I tillegg til sjølve påmeldingsskjemaet finn du og eit døme som viser korleis skjemaet skal fyllast ut. Skjemaet kan sendast til post@ungdomslag.no

 

1_PmeldingBarnlek.xlsx

1_DmepmeldingBarnlek.xlsx

 

Påmeldingsfrist er 1. mars

Betaling: deltakarane vil bli fakturert etter at vi har motteke faktura frå arrangøren

Fakta:
Kva: Barnlek, nordisk folkedansstemne for barn
Tid: 6.–9. juli 2017
Kvar: Klaksvík, Færøyane
Stemnepris: 1655 DKK (gjeld frå middag onsdag til lønsj sundag. Overnatting og mat før og etter kjem i tillegg)
Heimeside: sr.fo (trykk deg inn på lenkja som heiter ”Barnlek 2017”. Denne vil bli oppdatert, førebels er all info på færøysk, så her er det berre å stilla inn språkøyra sitt.)

 

Norsk samdansprogram og nordisk samdans
På kvart Barnlek har dei norske dansarane eit program som dei må læra seg på førehand, og som dei viser under stemnet. Dette kallar me norsk samdansprogram, og det norske programmet er som fylgjer:

- Klappdans frå Østfold (Turdansboka, s. 296)
- Jeg gikk meg ut i lunden (Dansetradisjonar frå Vest-Agder, s. 216)
- Åttepardansen (Turdansboka, s. 274)
- Seksmannsril (Turdansboka, s. 145)
- Tremannsril (Danse danse lett, s. 62 eller Danselyst side 56)

Om laget ditt ikkje har bøkene ovanfor, så er dei til sals på NU-kontoret. Det er òg mogleg å få sendt over skanna kopiar av danseskildringane.

I tillegg til det norske samdansprogrammet har me noko som heiter nordisk samdans. Dei nordiske samdansane er ein dans frå kvart land som alle deltakarane skal læra seg. Den norske dansen som alle deltakarane skal læra seg, er åttepardansen. Oversyn over dei nordiske samdansane kjem her:

Noreg: Åttepardansen
Danmark: Viborg totur
Finland: Engelska trippen
Suomi: Seni
Sverige: Kopparslagaren
Island: Snemma lóan litla í
Færøyane: Stolt Signhild

Lydfiler, film, rettleiing og notar vert lagde ut på sr.fo etter kvart slik at de kan læra dei nordiske dansane der. Om du vert forvirra av at det står både Finland og Suomi ovanfor, så betyr Finland dei svensk-finske områda, medan Suomi er dei finskspråklege områda.

Deltakarar frå Noreg
Sidan det er avgrensa med overnattingskapasitet i Klaksvík, har kvart land fått tildelt ein kvote med deltakarar. Den norske kvoten er 100 deltakarar inkludert leiarar for gruppa. 

Reise til Færøyane

Dei mest praktiske måtane å koma seg til Færøyane på er anten på båt via Hirtshals eller fly frå Bergen eller København. Flyselskapet som flyg til Færøyane, heiter Atlantic Airways. Det vert ikkje fellesreise via Bergen grunna lite interesse. Det vert sett opp bussar mellom Vágar (flyplassen) og Klaksvik (stemnebyen). Desse kan ein melda seg på i påmeldingsskjemaet. Bussen går direkte til Klaksvik. 

Overnatting og turar

På Barnlek er det alltid tilbod om å reisa på mange spennande turar i nærområdet. Informasjon om desse turane finn du under overskrifta ”Útferðir” på heimesida til stemnet (sr.fo). Utflukter kjem i tillegg til deltakaravgifta (prisar står på nettsida). Kurs er inkludert i deltakaravgifta. Alle deltakarar frå ein gratis tur i symjehallen kvar dag. 

Overnattinga er på skular i Klaksvík, og det er vanleg at ein får overnatta i fleire dagar før sjølve stemnet startar. Det blir høve til å bestille luftmadrass i påmeldingsskjemaet. Den kostar 100 DKK. 

Hugs å pakke med regntøy og gode sko. Me skal vera midt uti havet, og uansett kor på Færøyane du er, er det maks 5 km til havet. Sandalar kan fort bli for kaldt. 

Spørsmål?

Har du spørsmål om stemnet , kan du senda ein e-post til kulturrådgjevar på kontoret: halldis@ungdomslag.no.



 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign