Image

Instruktørkurs i barne- og ungdomsteater (Molde)

Som instruktør for ei barne- og/eller ungdomsteatergruppe har du eit ekstra stort ansvar for skodespelarane. Søkelyset er gjerne vel så mykje på at barna skal ha det kjekt og givande, og kanskje ikkje fullt så mykje på sluttresultatet. Instruktøren møter gjerne utfordringar som at ikkje alle kan lese, og må såleis finne andre måtar for dei å lære seg replikkar på. I tillegg er det andre etiske retningsliner i arbeidet med barn, spesielt dersom det er grupper med stor aldersspreiing.

Helga 4.-5. november vert det arrangert sjangerkurs for NU-medlemmar som er instruktørar i barne- og ungdomsgrupper i organisasjonen vår. Kurset vert arrangert i lokala til Teatret Vårt i Molde.

Som kursdeltakar betalar du berre for reise og overnatting - samt 11kr for å verifisere deltaking. NU dekkjer kursutgifter, måltida og teaterbilletten din. Eit lokallag kan sende fleire deltakarar. Kurset har avgrensa kapasitet, så det er førstemann til mølla!

Kursinstruktør er Tobias Heiberg. I tillegg til å vere Teatret Vårt sin føretrekte kurshaldar, har Heiberg mangeårig erfaring som skodespelar og produsent. Barne- og ungdomsteater er eit felt han engasjerer seg ekstra for, og brukar gjerne devising som metode.

PÅMELDING FINN DU HER

KURSPROGRAM


Laurdag

Kl. 09.15 Registrering

Kl. 09.30 Oppvarmingsteknikkar: teaterleikar

Kl. 11.00 Regigrep i barne- og ungdomsgrupper

Kl. 12.30 Lunsj

Kl. 13.00 Regigrep i barne- og ungdomsgrupper

Kl. 16.00 Teaterførestilling: ”Den lille havfruen” på Teatret Vårt

Kl.17.30 Middag



Søndag

Kl. 09.30 Korleis jobbe didaktisk med barn og ungdom

Kl. 12.30 Lunsj

Kl. 13.00 Tips og triks for drift av barne- og ungdomsteater

Kl. 16.00 Kursslutt og avreise


PÅMELDING FINN DU HER


Med atterhald om endringar i programmet.

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign