Image

Kurs i samdansar til Nordlek 2018

Laurdag 20.januar inviterer Noregs Ungdomslag til kurs i samdansane til Nordlek 2018. Kurset finn stad i Oslo kl. 11:00-17:00. Me går gjennom samdansane som skal dansast i Falun neste sommar. Målgruppe for kurset er danseleiarar og andre interesserte.

Kurspris: 300,- dekker kurs og lunsj. Ev. reise og overnatting betalast av kvar enkelt.

Instruktørar: Torbjørn Bergwitz Lauen og Solveig Brekke Hauknes.

Påmelding til solveig@ungdomslag.no innan 5.januar 2018.

Samdanser til Nordlek 2018
Allereie no kan du byrje øvinga på samdansane til Nordlek 2018. Du finn noter, video og beskrivingar til alle dansane på www.nordlek2018.se. Dette er dansane frå dei ulike landa:

Danmark: Lollands Kontra
Finland: Åtta-man-engel
Island: Undir blaum
Norge: Springar frå Nordre Sunnmøre
Suomi: Kahesku
Sverige: Polska fra Bingsjö

I tillegg kan du øve på det norske samdansprogrammet som er:

Niaren frå Senja (I boka ”Norske Folkedansar – Turdansar”)
Stjernetur frå Hobøl (I boka ”Norske Folkedansar – Turdansar”)
Totur frå Holt (I boka ”Norske Folkedansar – Turdansar”)
Springar frå Nordre Sunnmøre (På nett: www.folkepedia.no)



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign