Image

Kva skjer

Instruktørkurs i barne- og ungdomsteater (Fevik)

Som instruktør for ei barne- og/eller ungdomsteatergruppe har du eit ekstra stort ansvar for skodespelarane. Søkelyset er gjerne vel så mykje på at barna skal ha det kjekt og givande, og kanskje ikkje fullt så mykje på sluttresultatet. Instruktøren møter gjerne utfordringar som at ikkje alle kan lese, og må såleis finne andre måtar for dei å lære seg replikkar på. I tillegg er det andre etiske retningsliner i arbeidet med barn, spesielt dersom det er grupper med stor aldersspreiing.

Helga 3.-4. februar 2017 vert det arrangert sjangerkurs for instruktørar i barne- og ungdomsgrupper på Strand Hotel Fevik i Grimstad. Kurset er eit samarbeid med storkurset til Aust-Agder UL.

Som NU-medlem får du kurset for 990kr inkludert lunsj begge dagar. Eventuell middag/overnatting kjem i tillegg. Du kan også delta utan å vere medlem i Noregs Ungdomslag, då er påmeldingsavgifta 1490kr. Trykk her om du ønskjer å lese meir om medlemskap.

Kursinstruktør er Wilhelm Støylen. For mange er han eit kjent ansikt frå tida si som programleiar i NRK Barne-TV. Støylen har barn og ungdom som primærpublikum i mange av oppsettingane sine. Nyleg var han å sjå i ei sentral rolle i barnefilmen "Karsten og Petra på safari".

LES MEIR OG MELD DEG PÅ HER

 

Publisert: 11.12.2017

Arr. Startdato    
13.04.2018

Kurs i svensk polska (Tromsø)

Les mer»
04.04.2018

Folkevisene (Oslo)

Les mer»
11.03.2018

Minikurs springar (Oslo)

Les mer»
03.02.2018

Instruktørkurs i barne- og ungdomsteater (Fevik)

Les mer»
12.02.2018

Vestlandsspringar (Oslo)

Les mer»
27.01.2018

Leikfest (Greåker)

Les mer»
20.01.2018

Kurs i samdansar til Nordlek 2018 (Oslo)

Les mer»
27.04.2018

Landsmøte (Oslo)

Les mer»
10.07.2018

Nordlek 2018 (Falun)

Les mer»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign