Image

Barne- og ungdomsinstruktørkurs Folkepedia (Fevik)

I samarbeid med Aust-Agder UL skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt barne- og ungdomsinstruktørkurs 3.-4.februar 2018 i Fevik, Grimstad.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med Aust-Agder sitt Storkurs. Les meir om Storkurset i denne brosjyra (PDF).

Om kurset:
På dette instruktørkurset kjem me til å arbeide mykje med korleis ein kan bruke Folkepedia som instruksjonsverktøy når ein instruerer barn og ungdom. I tillegg vil ein læra eit repertoar av dansar og leikar for barn. Korleis ein arbeider med barn og ungdom og gruppeleiing vert også sentrale tema for helga.

Om instruktøren:
Halldis Folkedal er dansar og dansepedagog frå Hardanger. Ho har tidlegare arbeidd som folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag. Av utdanning har ho Nordisk mastergrad i dans (NO-MA-DS), i tillegg til pedagogisk utdanning i dans frå Kunsthøgskolen i Oslo. Halldis har undervist dans i vidaregåande, på folkehøgskule, på lærarkurs på høgskular, i kulturskulen/ DKS-prosjekt og på ei rekkje kurs over heile landet. Halldis er hjernen bak Folkepedia, ein digital danseskule for barn og ungdom. På kurset tek ho med seg Folkepedia og fleire av sine kjekkaste dansar og danseleikar, i tillegg til ulike måtar ein kan arbeida med gruppeleiing på.

Målgruppe:
Kurset er for deg som er interessert i å læra meir om korleis ein kan formidla folkedans til born og ungdom med ulike verktøy og metodar. Det er ikkje eit krav at ein skal ha instruert tidlegare, kurset er ope for godt erfarne og heilt ferske instruktørar.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 09:00-15:00
(Med atterhald om endringar).

Kurslokale:
Strand Hotel Fevik, 4870 Fevik, Grimstad

Prisar (medlem i NU):
Kun kurs 990,-
Kurs med overnatting i enkeltrom fre-sun 2580,-
Kurs med overnatting i enkeltrom laur-sun 1785,-
Kurs med overnatting i dobbeltrom fre-sun 1980,-
Kurs med overnatting i dobbeltrom laur-sun 1485,-
2-rettars middag 365,- per dag
2-rettars lønsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

OBS: prisane over gjeld for medlemer i Noregs Ungdomslag. Ikkje-medlemer betaler eit påslag på 500,-. Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via www.deltager.no/instruktorkurs_folkepedia. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag 17.januar.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign