Image

Fonda i Noregs Ungdomslag

Opplæringsfondet

Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører for organisasjonen. Opplæringsfondet gir støtte til kursavgift, utgifter til kursmateriell og utgifter til reise og opphald, men ikkje til honorar. Medlemmer i NU og lag i NU kan søkje om midlar på vegne av eigne medlemmer, og styret i NU avgjer kven som skal få tilskot, i tråd med retningslinjene for fondet.

S
øknadsfrist 15. januar kvart andre år (partalsår). Søknadsfristen i 2014 er utsatt til 15. februar.
Det er ikkje utarbeidd eige søknadsskjema. Søknad sendast Noregs Ungdomslag i post eller på e-post. postATungdomslag.no

  

Ole Bulls fond

Frå 2017 er Rasmus og Agnes Pettersons fond slått saman med Ole Bulls Fond og føremålet til fondet er å gi støtte til unge skodespelarar, musikarar, og bygdeungdom under musikkopplæring. Stønaden kan vere i form av individuelle stipend eller til kursverksemd, og søkjarane må helst halde til på Vestlandet. Det er Stiftelsen Musikkselskapet Harmonien, Den Nationale Scene, Griegakademiet, Sjøforsvarets Musikkorps og Noregs Ungdomslag som forvaltar fondet. Søknadsfrist 5. januar 2018. Ta kontakt med foretningsførar for å få tilsendt eige søknadsskjema:  toreludvigolsen@gmail.com


Eufemiafondet

Føremålet med Eufemia-fondet er å stimulere til dramatisering av lokale soger, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Fondet vart oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen og skal stimulere til dramatisering av lokale soge, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Det er søknadsfrist medio november kvart andre år (partalsår). Søknadssum: kr. 9000. 

Oppfyller ditt lag sin produksjon føremålet? Send ein søknad med budsjett der du fortel om innhaldet i produksjonen. Det vert kun delt ut stønad til eitt lag. Har du spørsmål knytt til søknaden tar du kontakt med administrasjonen i NU på post@ungdomslag.no

 

Meir om Eufemiafondet:
Peder W. Cappelen (1931-1992) hadde norsk folkeleg tradisjonsstoff som utgangspunkt for svært mykje av det dramatiske arbeidet sitt. Han seier sjølv det til tider var vanskeleg å få gjennomslag med denne typen teaterstoff, og då han kom i kontakt med Noregs Ungdomslag på 80-talet, var fleire av spelstykka hans i ferd med å gå i gløymeboka. I ungdomslaga fann han eit miljø der tradisjonsstoffet hadde ein naturleg plass og der det såleis kunne spire og gro.

Det vaks etterkvart fram nær kontakt mellom forfattaren og Noregs Ungdomslag. Konkrete frukter av dette samarbeidet er "Høne-Pøne" og "Kolbrennaren", begge skrive med spesiell tanke på framføring av amatørteatergrupper. Då Cappelen seinare fekk ideen om å stifte eit teaterfond for å hjelpe fram teateraktivitet tufta på norsk tradisjonsstoff og norsk grunn, var det naturleg for han å be Noregs Ungdomslag stå for forvaltninga av fondet.

Fondet ville han skulle få namnet Eufemia, etter dronning Eufemia, gift med Håkon V. Dette er den første kvinna som stig ut av historia vår med dikting, song og dans - kven veit, kanskje også med teater.

Størstedelen av grunnkapitalen kjem frå sal av retten til første oppsettinga av stykket "Sverre Rex Magnus" til det Norske Teateret. Frå perioden 1989 - 1999 har også forfattarhonorar for framsyningar av Cappelen sine skodespel i ungdomslagsregi gått til oppbygging av fondet.

Moro vitande:
Eufemia av Arnstein dronning av Norge og grevinne av Ruppin, var født cirka 1270 og døde i 1312. Hun var gift med kong Håkon V Magnusson.

Eufemia var datter av grev Günther av Arnstein, men vokste opp hos morfaren, fyrst Vitzlav II av Rügen. Våren 1299 ble hun i Mariakirken i Oslo ektet til Håkon Magnusson, som ble kronet til konge av Norge noen måneder senere. Som medgift fikk hun jordegodset og øya Bygdøy. Kongeparet fikk kun ei datter, Ingeborg Håkonsdatter.

Dronningen var kjent for sin kulturelle interesse, som hun blant annet viste ved at hun fikk oversatt en del ridderfortellinger, fremst balladene i de såkalte Eufemiavisene.

Eufemia eide et av Europas største biblioteker.

Eufemia hadde en sterk tilknytning til middelalderbyen Oslo ved den østre enden av gateløpet som i framtida vil bære hennes navn: Dronning Eufemias gate. I 1299 giftet hun seg med daværende hertug Håkon Magnusson og ble samme år dronning av Norge. At Håkon Magnussons og Eufemia lot seg krone i Oslo i 1299, var et av flere grep som gjorde Oslo til en stadig viktigere by i rikssammenheng.[1] Selve kardinalgrepet for Oslos del skjedde imidlertid et par år etter Eufemias død. 31. august 1314 gjorde Håkon V Oslo til Norges hovedstad ved å utnevne prosten i Mariakirken i Oslo til rikskansler og gi ham rikets segl til «evig tid». Med dette ble også forløperen til Riksarkivet lagt til Oslo.

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign