Image

Momskompensasjon

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon.

For å kunne søkje om momskompensajson må laget sørge for at nokre formalitetar er i orden:
- Årsrapport skal vere levert til NU når laget sender inn søknaden
- Kontingentkravet til NU må vere betalt innan momskompensasjonen blir utbetalt.

Den enklaste måten å søkje om kompensasjon på, er å søkje gjennom årsrapporten som laga skal levere til Noregs Ungdomslag. Det er enkle skjemafelt i årsrapportskjemaet som skal fyllast ut, henta frå laget sin årsrekneskap.

Om ikkje laget har rekneskapstala klart når årsrapporten skal sendsat inn, har ein høve til å levere søknad om momskompensasjon på eige skjema innan 15. august 2017. Noregs Ungdomslag vil etter dette sende felles søknad etter såkalla forenkla modell til Lotteri- og stiftelsestilsynet.
  
Laga sine totale driftskostnader for forrige rekneskapsår er grunnlaget for søknaden. I forskrifta framkjem det reglar for kva slags frådrag som må gjerast i driftskostnadene før søknaden kan sendast inn. Les gjerne meir om dette på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider
 
Søknadsskjema for lokallag og fylkeslag (word):
2_Sknadmoms2017.docx

Utfylt skjema sendast til Noregs Ungdomslag i post eller e-post, slik at det er oss i hende innan søknadsfristen.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign