Image

Bunad

Bunad


Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er oppteken av bunad. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadarbeid har bunaden vore ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemene i ungdomslaga. 


Spørjeundersøking om bunadsnæringa

Syr du bunad for sal? Delta i Studieforbundet kultur og tradisjon si spørjeundersøking om bærekraftig bunadsnæring.

Publisert: 03.12.14 | Les meir»

Bunadopplæringa

Saman med Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norges husflidslag tilbyr Noregs Ungdomslag opplæring innafor bunad og folkedrakt. Kursrekkja kan inngå i eit løp mot sveinnebrev.

Publisert: 06.05.11 | Les meir»

Er bunad og folkedrakt det samme?

Skilnaden på folkedrakter og bunader ligg mellom anna i bruken. Folkedraktene var brukaren sine vanlege klede med graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede. Bunaden er derimot ei drakt som kjem i tillegg til brukaren sine vanlege klede.

Publisert: 06.05.11 | Les meir»

Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign