Image

Ungdomshus i NU

Image"Hus byggjer lag". Dette fyndoret frå ein ukjent filosof seier mykje om kva husa har hatt å seie for lokallaga i Noregs Ungdomslag. For det fyrste er trivelege samlingsstader eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. For det andre er ein vellukka byggedugnad engasjerande og samlande for dei som er med.

Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Men ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa blei viktige grendehus og kulturhus i sine områder. Ennå i dag veit vi at omlag 100 av dei vél 300 ungdomshusa i NU, er det einaste kulturhuset i si bygd, - og i omlag 200 av bygdene der det finst NU-hus er det ikkje tilgang til offentleg kulturbygg. Dette fortel at ungdomshusa er viktige institusjonar - både før og nå.

Det er er store utfordringar med å halde eit slikt samlingshus opp til dagens standard og krav til komfort. Difor har mange ungdomslag sett på nye måtar å eige husa på. Det viktigaste er å finne løysingar som sikrar gode samlingsplassar for lokal kulturverksemd i framtida.
 

 


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign