Image

Sørvis til lokallaga

NU-kontoret yter sørvis til lokal- og fylkeslaga, for å lette arbeidet til tillitsvalde og tilsette i laga. På denne sida, og i menyen til venstre, vil du finne det meste av informasjon du treng som tillitsvald i eit lokallag i Noregs Ungdomslag.

Som medlemslag i NU får laget:

  • Eit fellesskap i ein av dei aller største kulturorganisasjonane i Noreg med over 14 000 medlemmar
  • Møtestader og perspektiv på tvers av generasjonar, interesse, kulturell bakgrunn, religion og politisk syn.
  • Fagleg nettverk og kunnskap i norsk folkedans, teater, bunad og folkedrakt
  • Delta i, og nyte resultata av politisk lobbyverksemd.
  • Tilgang til fleire støtteordningar enn elles, t.d. Frifond, støtte til opplæring (Vaksenopplæringsmidler), Frifond film og TV.
  • Hjelp til å finne fram til og hjelp til å skrive søknad til t.d. Sparebankstiftelsen DnB NOR, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk kulturråd, Kommunale og fylkeskommunale støtteordningar m.m. 
  • Forum og nettverk med andre ungdomsgrupper og informasjon frå andre ungdomsgrupper og lag rundt om i landet.
  • Høve til å leige reiseinstruktør innanfor teater/revy, folkedans og organisasjonsarbeid.
  • Tilbod om å delta på sommarleir, instruktørkurs med meir.
  • Laget får påverke prioriteringar og arbeidet til organsiasjonen gjenom å møte med utsendingar på NU sitt landsmøte!
  • Medlemmer over 14 år får tilsendt medlemsbladet Ungdom, og medlemmene under 14 år får tilsendt Norsk Barneblad, 4 gongar i året.

Om du har spørsmål knytt til drift av ungdomslaget ditt, ring gjerne Alf Steinar Nekstad, tlf. 24 14 11 16 eller send ein e-post til alf.steinar@ungdomslag.no 

Årsrapportering

Laga i Noregs Ungdomslag skal kvart år levere årsrapportar med stadfesta medlemslister for det foregåande året. Her finn du meir informasjon om dette.

Les meir»

Fakta om tippenøkkelen

Overskotet frå Norsk Tipping, “spelemidlane,” blir fordelt etter den såkalla tippenøkkelen. Vedtaket frå Arbeiderpartiet sitt landsmøte om at ein ønskjer å endre tippenøkkelen har skapt mykje debatt. Noregs Ungdomslag er ein av om lag 60 kulturorganisasjo

Les meir»
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign