Image

Teateropplæring i Noregs Ungdomslag

Den grunnleggande opplæringa i teater skjer lokalt i medlemslaga gjennom aktivt teaterarbeid. Mange lokal- og fylkeslag skipar sine eigne kurs. 

Noregs Ungdomslag har lang erfaring i å tilby instruktøropplæring.

Opplæringsmodellen i Noregs Ungdomslag avspeglar heile læringsprosessen. Frå teateraktivitet lokalt går ein vidare med regionale og sentrale kurs. Teaterrådet i Noregs Ungdomslag og Teaternemndene i fylkeslaga samordnar og organiserer kurs.

På sentralt nivå tilbyr NU opplæring for instruktørar. Denne opplæringa er delt inn i to modular som kvar tar for seg ulike delar av instruktørrolla. Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Kursa skal gjennomførast kvart år og ein kan ta modul 1 og 2 i kva rekkefølgje ein ønskjer.  Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet.

 

Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må sjølv ha delteke i og gjerne ha hatt noko ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel for deg om du har gått andre teaterkurs.


Dei to modulane

Modul 1 (vår)

Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Deltakarane får kunnskap og øving i å leie og arbeide teaterfagleg med ei teatergruppe, planlegge og gjennomføre øvingar, pedagogikk og eit repertoar av metodar og øvingar for instruksjon og arbeidet med ein produksjon.   

 

Modul 2 (haust)

Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å sette historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning.


Fordjupingsarena

NU tilbyr fordjupingskurs for påfyll og spesialisering m.a. på fagseminara og instruktørsamlingar.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign