Image

NSU

NSU er den Nordiske Samorganisasjon for Ungdomsarbeid.

NSU har som føremål å styrkje samarbeidet mellom partipolitisk uavhengige ungdomsorganisasjonar i Norden. Me arbeider for å fremje aktivitetane som det blir arbeida med i medlemsorganisasjonane. 

NSU er ein paraplyorganisasjon for 16 landsdekkande ungdomsorganisasjonar i Norden med tilsaman meir enn 2.000.000 medlemmar. I NSU legger me mykje vekt på samarbeid, og arranger mange forskjellege arrangement der medlem frå medlemsorganisasjonane kan samlast. 

NSU er ein god plattform for samarbeid mellom organisasjonar i dei nordiske landa. Barn og unge er hovudfokuset for NSU sine medlemsorganisasjonar

NSU driv med haldningsskapande arbeid, er samfunnsmedvitne, men samtidig partipolitisk nøytral. I arbeidet blir det dessuten lagt vegt på eigenaktivitet, opplysningsarbeid, samarbeid og kontakt i eit, for organisasjonane, utvida fellesskap - det nordiske.

Du kan lese meir om NSU på heimesida deira: http://nsu.is

NSU tilbyr mange forskjellege aktivitetar som til dømes:
  • Nordisk Leiarskule
  • Temaseminar
  • Friluftsveke
  • Ungdomsveke
  • Trenerseminar
  • Nordisk Leir

Du kan lese meir om aktvitetane deira her: http://nsu.is/aktiviteter/


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign