Image

Folkedansutgreiing

I februar 1999 tok Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff), Noregs Ungdomslag (NU), Landslaget for Spelemenn (Lfs) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) kontakt med Norsk Kulturråd med spørsmål om å få laga ei utgreiing om situasjonen til folkemusikken og folkedansen i Noreg. Etter ein del prosessar, vart Georg Arnestad hyra inn av Kulturrådet for å lage i slik utgreiing. Utgreiinga kom i oktober 2001 med tittelen ”Men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt… ” Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg, som bok nr. 27 i rapportserien til Norsk Kulturråd. På folkemunne i folkedans og folkemusikkmiljøet vart denne utgreiinga heitande "Arnestadutgreiinga".

Utgreiinga tok temperaturen på feltet og kom med tilrådingar til folkemusikk og folkedansmiljøet og styresmaktene for korleis ein burde arbeide vidare framover. Ei av desse tilrådingane var at miljøet måtte sjå på folkedansen sine vilkår. Arnestad slår i 2001 fast, på bakgrunn av god dokumentasjon,  at folkedansen er i krise, og at det bør takast eit krafttak for å berge denne. Etter ti år med ulike forsøk, prosjekt og tiltak, meiner feltet stadig at folkedansen ikkje står særleg sterkare enn i 2001, og NU, FolkOrg og Rff tok dermed initiativ til ei ny utgreiinga for å sjå på kva som har skjedd dei siste ti åra, og kva som kan og bør gjerast vidare framover.


Utgreiar: Johan Einar Bjerkem

I mandatet for utgreiinga står det mellom anna at:
Utgreiaren skriv saman ei skildring av situasjonen ut frå innsamla materiale og partane kjem med innspel til skildringa gjennom referansegruppa. Gjennom breie samrådingar med partane og ressursgruppa lagar utgreiar ei konkret og presis og avgrensa tiltaksliste for arbeidet med folkedansen framover. Det blir lagt arbeid i ein solid kulturpolitisk argumentasjon for tiltaka og for vern av folkedans.
Eit av formåla med utgreiinga er å plassera folkedansen godt i høve til vernet av immateriell kulturarv og hjelpa partane i arbeidet for å kunna gi folkedansen eit løft både i offentleg støtte og i interne tiltak i organisasjonane. Eit anna formål er å fremja breidda og kvaliteten på folkedansen som uttrykksform, og gi han ein meir sentral plass i det offentlege rom. Utgreiinga skal formast slik at alle partane kan stilla seg bak henne, men funn frå arbeidet kan likevel offentleggjerast på anna vis av utgreiar eller partar. 

 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign