Image

Jubileumsår for Hulda Garborg

Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” den 7. mars 1902 fram Knut Liten og SylvelinPer Spelmann og Tosten tala med staven sin. 5-600 publikumarar var til stades i og utanfor Teatersalen til BUL Oslo denne kvelden for hundre år sidan. 

NU vil i samarbeid med lokallag og andre markere jubileet gjennom heile året, med store og små arrangement rundt om i landet. Her er førebels oversikt over dei arrangementa vi har fått informasjon om:
 
Folkedanslaget Sølja
Markerer med utstilling, foredrag og framsyning på Hulda Garborg sin fødselsdag, 22.februar, på Hamar/Stange. 

Rogaland Ungdomslag, Telemark Ungdomslag, Vest Agder Ungdomslag og Aust Agder Ungdomslag
Markerer jubileet med foredrag om Hulda Garborg av Arnhild Skre (forfattar av biografi om Hulda Garborg og vinnar av Brageprisen 2011) på Storkurset 27. - 29. januar i Stavanger. 

Leikarringen "Sildrespretten" i Melleheim Ungdomslag
Dansar framsyning under Valdres Mållag sitt arrangement med presentasjon av biografien om Hulda Garborg av Arnhild Skre.

Bygda dansar - prosjektet i Buskerud, Danseru' si premiereforestilling i Oslo: Liti Kjersti
Riksscenen i Oslo, 15. mars. Les meir.

Leikarringen Symra arrangerer Hulda Garborg - kveld. Arnhild Skre kåserer og
viser lysbilete om "Hulda Garborg - folkedansen og bunadene"

Nordahl Bruns gt 22, 6. juni klokka 1900 - 2200. Les meir.

Nordlek 2012
Jubileet blir markert med ulike kurs og under Vest nordisk aften på Stiklestad.


 

Les og lær meir om Hulda Garborg og om songdansen:
Fakta om Hulda Garborg (Garborgsentret) 

Fakta om Hulda Garborg  (Allkunne, nynorsk kulturhistorie)  

Om biografien om Hulda Garborg, skriven av Arnhild Skre (Samlaget)

"Sida for songdans", laga av Vebjørn Bakken (folkedans.com)

Fakta om den norske songdansen (Noregs Ungdomslag) 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign