Image

Reiseinstruktørordninga i folkedans

Helgekurs

Vi tilbyr desse helgekursa (12 timar): 
Nybegynnarkurs i folkedans for ungdom og vaksne (last ned studieplan)
Grunnleggande instruktørkurs i folkedans (last ned studieplan)

Pris helgekurs: Laget betaler ein eigendel på kr 4000 (6000 for fylkeslag). Laget får helgekurs på 12 timar og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. 

Dagskurs
Eit lag kan også få besøk av ein folkedansinstruktør på kvardagar. Dette forutset eit samarbeid med ein grunnskule i nærleiken. 
Instruktøren har undervisning på skulen (2 - 6 undervisningstimar) på dagtid og i laget på kvelden (2 - 4 undervisningstimar). 

Skulebesøk (last ned studieplan) 
Kveldskurs i folkedans for barn (last ned studieplan)
Kveldskurs i folkedans for vaksne (øvde dansarar)

Pris, dagskurs: Eit lokallag betaler ein eigendel på kr 2000 (3000 for fylkeslag). NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. 

I avtalen om oppdrag vil vi vite detaljert timeplan (for heile dagen), kontaktperson på skolen, kontaktperson i laget, alderssteg for kursa og tal elevar i kvar gruppe.  

Vel ein instruktør:  
Vi legg etter kvart ut ei liste der instruktørar/dansepedagogar som ønskjer oppdrag presenterer seg sjølv, kva kurs dei kan halde og kva deira spesialitet er (tema, tradisjon osb.). Denne lista vil ligge tilgjengeleg her. 

Korleis tinge ein instruktør?
Vel deg ut eit kurs og ein instruktør ut frå studieplanane og lista over instruktørar. Ta deretter kontakt med kulturrådgjevaren i folkedans på NU-kontoret for å avtale kurstype og tidspunkt. NU lager avtale med både lærar og lokallaget, samt betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget betaler eigenandelen til NU. 

BLI REISEINSTRUKTØR I FOLKEDANS?

Har du lyst på oppdrag gjennom NU sin reiseinstruktørordning i folkedans?

Les meir»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign