Image

Medlemsbladet Ungdom

Ungdom er medlemsbladet i Noregs Ungdomslag. Bladet har eit opplag på ca 6 000, og blir sendt til medlemmar i organisasjonen, samarbeidsorganisasjonar og andre interesserte. Medlemmar under 14 år får tilsendt Norsk Barneblad.

Bladet har artiklar frå aktivitetar og prosjekt i organisasjonen, lokale og sentrale nyheiter, intervju, featureartiklar, debattinnlegg, informasjon om framtidige arrangement og mange bilete frå ulike hendingar.

Guro Redalen er redaktør medan ansvarleg redaktør er Eli Ulvestad. Bladet er som regel på 28 sider inkludert omslag og kjem ut fire gonger i året. Har du lyst til å skrive i Ungdom? Send ein e-post til guro@ungdomslag.no.

Bladet blir lagt ut digitalt på issuu.com. Her ligg òg alle utgåver etter 2010 ute.



For 2018 er stoffristane:

Ungdom 1: 15. februar
Ungdom 2: 2. mai
Ungdom 3: 22. august
Ungdom 4: 1. november

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign