Image

Innkalling til landsmøtet 2017

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Scandic St. Olavs plass (tidlegare Scandic Edderkoppen) , laurdag 22. og søndag 23. april. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Påmeldingsfristen til landsmøtet er 15. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn:

1. Fullmaktsskjema, som stadfester at personane har fullmakt til å representere laget 
Dette kan sendast inn direkte på nett gjennom denne lenka
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet du då fyller ut.

2. Påmeldingsskjema frå kvar utsending, der ein melder seg på dei ulike seminara
Påmeldingskjemaet kan fyllast inn direkte på nett gjennom denne lenka. *
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet som då skal fyllast ut.

* Lenka til påmeldingsskjemaet, om du vil sende denne på epost til utsendingen slik han/ho kan melde seg på direkte: bit.ly/lmutsending2017

Adresse for innsending av fysiske skjema er post@ungdomslag.no, evt NU, Øvre Slottsgare 2b, 0157 Oslo

Timeplan og saker til handsaming:
I artiklane nedanfor finn du detaljert timeplan, sakliste med lenker til saksdokument, samt praktisk informasjon om landsmøtehelga.

Sakliste og sakspapir til landsmøtet

Etter at laga sin frist for å melde inn saker til møtet gjekk ut 24. februar, har styret sett opp ei endeleg sakliste for møtet. Denne finn du her, saman med sakspapir for landsmøtet.

Les meir»

Seminarprogram fredag og laurdag

Kan du tenke deg å lære meir om medlemssystemet Hypersys 2.0, som blir lansert no i februar? Eller ønskjer du å drøfte folkedansen eller teatret si rolle i NU? Fredag og laurdag kan du velje blant dette, og fleire andre seminar.

Les meir»

Samla program for landsmøtehelga

I tillegg til det formelle møtet er det lagt opp til eit kulturelt og sosialt program for helga. Her kan du finne samla program for helga.

Les meir»

Landsmøteavgift og overnatting

Landsmøteavgifta er kr 3.100 per person. Denne dekker seminar, lunsj laurdag og søndag samt middag og dansefest laurdag kveld. Kostnader til evt overnatting frå fredag kjem i tillegg.

Les meir»
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign