|
- Alle i bygda er sterkt i mot, og då er det naturleg at ungdomslaget også tek eit klart standpunkt, seier Marit Tveito Askeland i Granvin Ungdomslag. Laget har nett hatt styremøte, der dei har drøfta kva dei kan bidra med i kampen mot kraftlinene.
- Huset vårt, Trudvang er det største forsamlingshuset i bygda og det gjer at både ungdomshuset og ungdomslaget er sentralt i den kommande kampen, seier Askeland.
Til helga er det gratiskonsert i ungdomshuset for å syne motstanden i høve kraftlinene. Lokale musikarar som mellom anna Death Academy, Knut Hamre, Jaran Lienig og Bjørnar Kaldefoss Tveite stiller opp på konserten.
- Statsnett har og spurt om dei kunne leige Trudvang til eit informasjonsmøte, og etter litt drøftingar i styret, sa me ja til det. Men me har tredobla husleiga – litt utspekulert må ein kunne vere, avsluttar Askeland.
Peikar til konserten: http://www.facebook.com/home.php#!/event.php?eid=142060669144876
Publisert: 15.07.2010
|