logo  
  meny  
  meny  
:: Heim    
 
Kva skjer?

10.09 - 12.09
Fylkesstemne for barn (Barnestemne) i Sunnmøre Ungdomslag Skodje (Skodje frilynde UL)

12.09
Minikurs: Vågåspringleik. Lærarar: Knut og Bodil Odnes Nordahl Bruns gt. 22, Oslo

17.09 - 19.09
Kurs for kurslærarar Holme Gård, Gjerstad

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Nordic Dance 2012

Er du mellom 18 og 26 år? Dansar du folkedans? Speler du folkemusikk? Søk på det nye nordiske talentprosjektet Nordic Dance i dag, vi håper du har lyst til å bli med!

 
Dansarar frå Bygda dansar-prosjektet Lea de'

I 2011 startar Noregs Ungdomslag opp eit nordisk talentprosjekt der fire folkedanstalent og to folkemusikktalent frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg skal lage ei forestilling. Forestillinga vil ha premiere under det nordiske folkedansstemnet Nordlek 2012 i Steinkjer. 

Bygger på erfaringar

Noregs Ungdomslag har gjennomført nasjonale talentprosjekt for folkedansarar i fleire år, og Nordic dance 2012 bygger vidare på erfaringar frå mellom anna Sans for dans - prosjekta. I Noreg har vi eit mangfald av lokale dansetradisjonar og dei nasjonale prosjekta har handla om å fordjupe seg i eigen tradisjon, samt finne eigen og felles identitet som dansar.

Saman med profesjonelle folkedansarar, musikarar og koreografar har dei satt dette inn i ei moderne ramme på scena. I Nordic dance 2012 vil vi tenkje nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping, og sjå dette i ein fellesnordisk samanheng.

Gjennom prosjektet vil du bli ein betre dansar eller musikar, lære mykje om det å lage ein produksjon og ikkje minst om det å arbeide saman i eit stort ensamble. 

Praktisk informasjon

Det vil bli lagt opp til 2 øvingshelger våren 2011, 2 øvringshelger hausten 2011 og 3 øvingshelger våren 2012. Sommaren 2012 blir det 4 øvingsdagar før premiere og nordisk turnè: Nordlek, samt til ein festival i Sverige, Danmark og Finland.

Ansvaret for å plukke ut dei norske deltakarane ligg hos Folkedansrådet i Noregs Ungdomslag. Norske deltakarar kan mellom anna bli med på “audition” under Sommarleir i Bergen 27. juni – 1. juli eller sende inn søknad og film på eiga hand.

Skriv ein søknad til oss der du fortel om:

- Bakgrunnen din som folkedansar eller musikar. (Kor lenge har du dansa/spelt? Korleis lærte du å spele/danse?)

- Andre erfaringar som er relevante for dette prosjektet? (studium, kurs, andre oppsetningar/hobbyar, arbeidserfaring)

- Kvifor du har lyst til å delta i prosjektet.

- Kvifor akkurat du bør bli med i prosjektet. (fortel om dine sterke sider; fagleg og personleg)

Hugs også å fortelje kven du er, fødelsår og kontaktinformasjon.

På filmen:

Dansarane: ein runddans og ein bygdedans

Musikarane: ein runddans og ein bygdedans

Søknadsfrist: 1. november 2010

Last ned søknadsskjema

Last ned brosjyre

Deltakarane betaler 2000 NOK i eigenandel. Etter dette er alle utgifter dekka. Deltakarane må vere (eller bli) medlem i Noregs UL.

 

facebook-logo flickr-logo Momsbanner Instruktørkurs utdanning i folkedans Danselyst Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt