![]() |
![]() |
||||||||
|
|
|||||||||
| :: Medlemssørvis | |||||||||
|
: Å drive eit ungdomslag
: Årsrapportering : Registrere tillitsvalde : Registrere medlemmer : Webmedlem : Kontingent |
Sørvis for lokal- og fylkeslagNU-kontoret yter sørvis til lokal- og fylkeslaga, for å lette arbeidet til tillitsvalde og tilsette i laga. På denne sida, og i menyen til venstre, vil du finne det meste av informasjon du treng som tillitsvald i eit lokallag i Noregs Ungdomslag. Informasjon til lagaNoregs Ungdomslag sender 3-4 gongar i året ut "NU-kontakt" til alle lokal- og fylkeslag. Dette er eit meldingsblad frå sentralleddet, der laga blir informert om aktuelle saker som har relevans for lagsdrifta.
Nyttige dokument for lokallaga
Momskompensasjon Departementet har forlenga fristen for å søke om momskompensasjon.Vi tek imot momssøknader fra lokal- og fylkeslag fram til 15. august. Departementet Har for i år gjort fritak for kravet om at fylkeslaga må ha rekneskapen sin for i 2009 revidert av statsautorisert eller registrert revisor. Kravet om eigen revisorrapport for søknaden frå fylkeslaga ligg fast.
Lag og fylkeslag i NU må søkje via Noregs Ungdomslag. Vi har laga eigne skjema som skal nyttast.
Forskrift om momskompensasjon for frivillige organisasjonar finn du her.Lov for lokallagetAlle lokallag må ha eigne lover for laget. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som bør nyttast når ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. Mønsterlovene er sist revidert etter årsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2009.Mønsterlover for lokallag (pdf)Mønsterlover for lokallag (word)
ÅrsrapportskjemaAlle lokallag skal innan 15. februar kvart år sende inn årsrapportskjema til Noregs Ungdomslag.Årsrapport 2009 - med elektronisk utfyllingsskjema.
Skjema for registrering av nye tillitsvaldeEtter årsmøtet i 2010 er det viktig at vi får melding om endringar av tillitsvalde i laget.Fyll ut skjema for nye tillitsvalde etter årsmøte 2010 og send oss.
Søknadsskjema for frifondtilskotSøknadsfrist for Frifondmidlar i 2010 er 1. september. Her kan du finne retningslinjer for tildeling av Frifondmidlar.Søknadsskjema finn du her.
Om landsmøtet i Noregs UngdomslagAlle lag som er tilslutta Noregs Ungdomslag, og som har sendt inn medlemslister, årsrapport og har betalt kontingent til NU, har rett på minst to utsendingar til landsmøtet til Noregs Ungdomslag.Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller på eit lagsmøte i laget. Årsmøtet kan også gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Alle medlemmar over 14 år kan veljast som utsendingar til landsmøtet.Les meir om landsmøtetNyttige dokument for fylkeslagaFylkeslaga si rolle i organisasjonen er eit tema som blir mykje diskutert i NU. Det er stor skilnad på kor mykje faglege og økonomiske ressursar som ligg til kvart fylkeslag, og dette gjer at det kan vere store skilnader fylkeslaga i mellom på kva tenester som vert ytt til laga. Slik vil og skal det framleis vere, men årsmøtet i NU vedtok i 2009 å definere oppgåver for fylkeslaga.Oppgåver for fylkeslaga
Lov for fylkeslagetAlle lokallag må ha eigne lover for laget. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere ekisterande lover.Mønsterlov for fylkeslag
|
|
|||||||
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |