![]() |
![]() |
|
|
|
||
| :: Tilskot | ||
|
|
StøtteordningarFrifondFrifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for demokratisk og medlemsbasert kulturarbeid for barn og unge. Søknadsfrist i Noregs Ungdomslag i 2010: 1. september Kva kan de få frifondmidlar til? Frifond skal gå til barne- og ungdomsaktiviteten i laga. Lokallag i Noregs Ungdomslag kan søkje om driftstilskot eller oppstartstilskot. I tillegg kan ein søkje prosjekttilskot til teateraktivitet.
Sparebankstiftelsen DnB NORKvart år deler Sparebankstiftelsen (DnB NOR) ut stønad til ulike formål. Fokus engasjement - Fokus bankFokus Bank søker lokalt engasjement og ønsker å bidra i det samfunnet vi lever i og av - nasjonalt, regionalt og lokalt. Søknadsfrist to ganger i året - 1. april og 1. oktober. Rasmus og Agnes Pettersons fondDette er eit fond som Noregs Ungdomslag, Norges Bygdeungdomslag og Griegakademiet ved Universitetet i Bergen er saman om å forvalte. Føremålet er å gje økonomisk stønad til musikkopplæring av talentfull bygdeungdom frå heile landet. eller ta kontakt med: Clara Lackmanns stiftelseStiftelsen Clara Lachmanns fond er eit skandinavisk kulturfond. Prosjekt som får støtte må ha ein klar skandinavisk vinkling og omfatte meir enn eitt skandinaviskt land. Skal de til dømes på studietur til eit anna skandinavisk land - kan du søke om støtte her. Støtte til opplæringFolkekulturforbundet gjev støtte til kursverksemd og vanleg opplæringsverksemd i lokallaga. For å få stønad må laget vere medlem i Noregs Ungdomslag, sjå Folkekulturforbundet sine heimesider. Opplæringsfondet i Noregs Ungdomslag(nye rettningslinjer vedtatt mai 2010) Føremålet med fondet er å yte tilskot/stipend til kurs og andre opplæringstiltak som kan styrke medlemmar i Noregs Ungdomslag i dei aktivitetane og det arbeidet desse utfører for organisasjonen. Opplæringsfondet gir støtte til: Kursavgift, utgifter til kursmateriell og utgifter til reise og opphald. Kven kan søke: medlemmer i NU og lag i NU som søker på vegne av eigne medlemmer Søknadsfrist og tildeling: EufemiafondetFondet vart oppretta av dramatikaren Peder W. Cappelen og skal stimulere til dramatisering av lokale soge, historiske hendingar, segn, folkelege historier og eventyr. Det er søknadsfrist kvart andre år. Neste søknadsfrist er 1. oktober 2010. Ole Vig-prisenOle Vig-prisen skal gå til ein ungdom mellom 20 og 35 år som har gjort ein framifrå kulturell innsats i Ole Vigs ånd. Det gjeld ungdommar frå heile landet utan omsyn til politisk oppfatning. Ein Ole Vig-prisvinnar må ha gjort ein meir enn vanleg god innsats innanfor eitt eller fleire av desse områda: Alle organisasjoner som har medlemmer i aldersgruppa 20-35 år, kan sende inn forslag på kandidatar. Søknadsfristen er 15. mai kvart år og er på 10 000 kr. Rådet for folkemusikk og folkedansRådet for folkemusikk og folkedans har to støtteordningar: Arbeidsstipend (til undervisningsprosjekt, feltarbeid, læring på gamlemåten og andre prosjekt) Søknadar må sendast på eigne skjema. Meir informasjon på: www.rff-sentret.no Norsk teaterrådNorsk teaterråd er paraplyorganisasjon for organisasjonar som har frivillig scenekunst som arbeidsfelt. På heimesidene finn de omtale av støtteordningar som t.d. Scenetekstfondet og Norsk teaterråd si reisestøtteordning. MusikkutstyrsordningenMusikkutstyrsordninga skal administrere offentlege tilskot til teknisk utstyr for spelestader, klubbar, arrangørar, øvingsfellesskap, samt til utvikling, tilrettelegging og byggjing av øvings- og framsyningsslokaler innan det rytmiske musikkfeltet. For mindre prosjekt og søknader frå små øvingsfellesskaper gjeld to søknadsfristar i året. Disse er 1. februar og 1. september. For større prosjekt og søknader er det ingen søknadsfrist. Norsk kulturrådArrangørstøtteordning: løpande søknadsfrist - ein kan søke gjennom heile året Denne ordninga er for deg som arrangerer konserter gjennom heile året. Produksjon/formidling/arrangement:
Utøvande/skapande verksomheit:
Fond for lyd og bildeFondet er oppretta for å gi godgjørelse til rettighetshavere for den lovlige kopiering til privat bruk som skjer frå videogram og fonogram, og for å fremme produksjon og formidling av innspelingar i lyd og/eller bilete. Søknadsfrist 1. februar og 1. september. LNULandsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar forvaltar ei rekkje støtterodningar. På heimesidene til LNU finn du meir informasjon om desse, mellom anna om: LNU forvaltar også fleire støtteordningar for internasjonalt prosjektarbeid. Les meir på LNU sine nettsider www.lnu.no
LNU har også utarbeidd eit oversyn over andre tilskotsordningar som frivillige organisasjonar kan søkje på. |
|
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |