![]() |
![]() |
|
|
|
||
| :: Kven veit | ||
|
|
Kven veit?Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får tese allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. Om lag 1000 personar er kvart år involvert i Kven veit? som deltakarar, dommarar og Kven veit? - sekretariat. Det har vore mange ulike tema i Kven veit? opp i gjennom tidene. I 2010 var temaet forfattaren Rasmus Løland, og i 2004 var tema barne- og ungdomslitteratur. I Garborgåret i 2001 var tema via Hulda og Arne Garborg. I 1995 var tema møte mellom kulturar. I 1990 stod alkohol og alkoholskadar på dagsorden. Distriktspolitikk har vore tema fleire gonger, som til dømes i 1986. I 1979 var tema ”Kva kringskasting vil vi ha i framtida” og i 1972 var det "EF, miljøvern og utviklingshjelp".
Resultat 2010Poenga frå tredje og siste tevlingsrunde i 2010 er no talt opp. Fana UL/Kirkevoll skule sitt lag B halte sigeren i land med stø hand. I siste runde halte Hellesylt Ul, lag A og Tårstad Leikarring, lag B innpå og fekk seg kvar sin delte tredjeplass. I seniorklassa var det Røstkvervet Ungdomslag som tok fyrsteplassen. Dei overtek med det vandrepremien som Vågå Ungdomslag har hatt i to år. Noregs Ungdomslag gratulerer med sigeren og takkar alle deltakarar for god innsats. Sluttresultat etter 3. runde Senior Sluttresultat etter 3. runde Junior Resultat 2. runde Junior
|
|
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |