![]() |
![]() |
|
|
|
||
| :: Folkedans/-musikk | ||
|
: Folkedans i NU
: Folkedanskalender : Folkedansrådet : Ungdomsringar : Utdanning i folkedans : Danselyst : Dugleiksmerker : Framsyningskappleiken : Nordlek : Folkedansen i Noreg : Spørsmål om folkedans? : Bli folkedansinstruktør! : Nyhende på epost : CIOFF Noreg : Samarbeid: Riksteatret og Rikskonsertene |
Bli folkedansinstruktør!Frå dansar til instruktørNoregs Ungdomslag er den einaste organisasjonen som tilbyr instruktøropplæring i norsk folkedans. Frå god dansar...Vegen til å bli ein god dansar og instruktør startar på dansegolvet. Dans så mykje og kor ofte du kan! Dansetreninga får du i nærmiljøet ditt, i lokallag og fylkeslag; på faste øvingar, kurs, festar, festivalar med meir. Her får du det viktige grunnlaget du treng for å bli ein god dansar. ...til instruktørSom instruktør er du førebilete, gruppeleiar og formidlar av kunnskap. Ein kan lære å danse på mange ulike måtar, og kanskje er nettopp det heile poenget! Artikkelen "Aldri uten dansesko" seier noko om dette. Det finns og mange ulike måtar å lære bort dans, og NU vil at kvar einskild instruktør skal ha eit bevisst forhold til pedagogiske val. Grunnleggande instruktørkurs, folkedansDette helgekurset blir arrangert av fylkeslag eller lokallag. Sjekk kalenderen på NU si heimeside for oversikt over når og kor det blir arrangert slikt kurs i din region. Målet med kurset er å gi deltakarane innblikk i instruktørrolla og eit felles fagleg grunnlag. InstruktørkursInstruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Kursa blir arrangert vår og haust i regi av Noregs Ungdomslag, sentralt. Ein kan ta modulane i kva rekkjefølgje ein ønskjer. Mål: Deltakarane skal bli gode danseførebilete, kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe. Modul 1Dette kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Målet er at deltakarane skal få kunnskap om mellom anna gruppeleiing, læring, formidling og dans/bevegelse. Modul 2Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk. Fordjupingsarenaen i NU
Ein viktig arenaen for vidare læring, utvikling og spesialisering. Desse kursa vil du finne på fagseminar, instruktørsamlingar og regionale storkurs.
|
|
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |