![]() |
![]() |
|
|
|
||
| :: Teater | ||
|
: Teater i NU
: Norsk Amatørteaterfestival : Teaterkalender : Teaterrådet : Teateropplæring i NU : Teaterprosjekt : Norsk teaterråd : Teatersørvis : Spørsmål om teater? : Nyhende på epost |
Teateropplæring i NU
Instruktøropplæring Opplæringsmodellen i Noregs Ungdomslag avspeglar heile læringsprosessen. Frå teateraktivitet lokalt går ein vidare med regionale og sentrale kurs. Teaterrådet i Noregs Ungdomslag og Teaternemndene i fylkeslaga samordnar og organiserer kurs. Den grunnleggande opplæringa i teater skjer lokalt i medlemslaga gjennom aktivt teaterarbeid. Mange lokallag skipar sine eigne kurs. Noregs Ungdomslag har lang erfaring i å tilby instruktøropplæring. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i det teater vi driv i organisasjonen. Gjennom opplæringa vil vi utvikle instruktørar med brei kunnskap og innsikt i aktiviteten i frivillige lag, som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg.
Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet.
Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må sjølv ha delteke i og gjerne ha hatt noko ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel for deg om du har gått andre teaterkurs.
Modul 1 (vår) Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Deltakarane får kunnskap og øving i å leie og arbeide teaterfagleg med ei teatergruppe, planlegge og gjennomføre øvingar, pedagogikk og eit repertoar av metodar og øvingar for instruksjon og arbeidet med ein produksjon.
Modul 2 (haust) Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å sette historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning.
Fordjupingsarena NU tilbyr fordjupingskurs for påfyll og spesialisering m.a. på fagseminara og instruktørsamlingar.
Last ned brosjyre for instruktørkurs 2010
|
|
| Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad |