Image

Ny retning for Noregs Ungdomslag

Landsmøtet vedtok 6. april ny langtidsplan for Noregs Ungdomslag for den komande fireårsperioden. 

I den nye langtidsplanen er det fastsett at Noregs Ungdomslag sin visjon er
Levande lokalkultur!

Hovudmål for perioden er å sikre Noregs Ungdomslag sin posisjon som ein organisasjon for lokalkultur og levande lokalmiljø.


Det er fastsett fem ulike strategiar for å nå hovudmålet:
  • Styrke den lokale aktiviteten
  • Styrke nettverket mellom ungdomslaga på lokalt, regionalt, nasjonalt og nordisk nivå
  • Auke opplæringsaktiviteten
  • Styrke demokratiarenaene
  • Sikre ungdomslaga som formidlarar av immateriell kulturarv

Landsmøtet har og vedteke ein arbeidsplan for første halvdel av langtidsplanperioden. Arbeidsplanen konkretiserer strategiane i langtidsplanen, gjennom konkrete mål for den komande toårsperioden.

Lenke til arbeidsplanen finn du her.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign