Hopp til hovedinnhold

Fordelar ved lagsmedlemskap

Å vere eit medlemslag i Noregs Ungdomslag (NU) gir tilgang til ei rekke fordelar som kan bidra til å styrke laget, utvide horisonten og berike aktivitetane dykkar.

Lyst til å bli medlem som enkeltperson? Les om fordelane her.

Tilgang til fleire tilskotsordningar

Som medlemslag i NU har de tilgang til fleire tilskotsordningar enn elles, som mellom anna inneber:

  • Enkel søknadsprosess for Frifond-midlar
  • Muligheit for oppstartstilskot for barne- og ungdomsaktivitet
  • Aktivitetstilskot for lag med fem eller fleire medlemmar under 26 år
  • Prosjektmidlar for teateraktivitet for barn og unge
  • Støtte til opplæring gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon
  • Alle laga kan søkje om momskompensasjon.
TT
TT

Kompetanseheving og kulturelle opplevingar

NU tilbyr blant anna instruktørkurs i både teater og folkedans, slik at laget kan få gode instruktørar til aktiviteten sin. Laget har også moglegheit til å leige ein gjesteinstruktør heim til laget for ei hel helg, for ein fast pris.

Dykk får også medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU arrangerer.

Hjelp med drift av lagshuset

Gjennom NU-prosjektet Huset i bygda kan de søkje om støtte til å restaurere ungdomshuset dykkar.

TT
TT

Avtale med Gramo

NU har ein samleavtale med Gramo der vi dekker kostnadane for bruk av innspelt musikk til øving, ungdomsklubb, arrangement og framføring. Dette gjer at laget kan bruke innspelt musikk fritt, utan ekstra kostnadar.

Rabattar og tilbod

Medlemskap gir deg tilgang til rabattar og tilbod hos ulike kulturinstitusjonar, hotellar og butikkar over heile landet. Dette inkluderer blant anna:

  • 20% rabatt på billettar hos Det Norske Teatret i Oslo
  • 20% rabatt på Comfort, Quality og Clarion-hotell i heile Noreg
  • 15% rabatt på De Bergenske hotellkjeden i Bergen
  • 15% rabatt på rekneskapsprogrammet Fiken
  • 15% rabatt på Bondeheimen i Oslo
  • 10% rabatt hos Heimen Husfliden
  • 10% rabatt på Kaffistova i Oslo
  • 15% rabatt på teatersminke og spesialeffekter i nettbutikken Kostmask.no

Alle medlemmar over 14 år får også medlemsbladet Ungdom ein gong i året, medan medlemmar under 14 år får Norsk Barneblad tilsendt fire gongar i året.

Aktuelt blant lokallaga

Sjå alle

Bli ein del av Noregs Ungdomslag

Å vere med i eit NU-lag betyr å vere ein del av eit større fellesskap. Anten du er interessert i kultur, teater, folkedans, bunad, eller berre vil bidra til å skape eit betre samfunn, finst det ein plass for deg i Noregs Ungdomslag.