Hopp til hovedinnhold
Arrangement

Mobiliserar for å redde ungdomshuset Fosshalla

Ungdomslaget i Naustdal mobiliserar etter forslaget om å rive ungdomshuset Fosshalla for å bygge ny veg i Sunnfjord.

I høve utbygginga av riksvegen mellom Naustdal og Førde, vert no ungdomslaget nøydde til å ta stilling til kva dei ynskjer for ungdomhuset sitt. Difor kallar Naustdal Ungdomslag inn til eit ekstraordinært møte torsdag 21. mars for å motta innspel frå innbyggarane om kva ein skal meine om forslaget, som i ytterste konsekvens kan bety riving av ungdomshuset.

Etter lekkasje frå regjeringa er det no klart at vegprosjektet er inne i Nasjonal Transportplan, og ungdomslaget har kortare tid på seg enn dei i utgangspunktet hadde sett føre seg før prosessen går vidare.

- Vi er veldig glade for at Erdal-Naustdal er med i NTP, for den vegen treng rassikring utan fleire utsettingar. Vi likar sjølvsagt dårleg rykta vi høyrer om at Fosshalla står i fare for å verte riven i denne planen, seier Helen Åberg Fjell i Naustdal Ungdomslag.

Eit bygg som rommar heile bygda

Fosshalla er det største forsamlingshuset i området med moglegheit for å romme 400 gjester med dei krav det set til brannsikkerheit. I 2023 vart Fosshalla utleigd til bryllaup med dekketøy og god plass til 150 middagsgjestar.

Ungdomslaget fryktar eit nytt ungdomshus ikkje vil kunne romme like mange gjester, dersom dei skulle miste huset og få erstatning for det.

- Vi vil få en sum fra kommunen og Statens Vegvesen for Fosshalla, men som etter all sannsynlighet ikke vil være tilstrekkelig til å bygge opp et tilsvarende hus, seier ho.

Ungdomslaget meiner derimot at det burde finnast plass til både ungdomshus og veg.

-Vi meinar at det bør være mogeleg å lage ein reguleringsplan der Fosshalla består, og med ein ny og betre tilkomst til vårt kjære ungdomshus, seier Åberg Fjell.

Bevare eller nytt?

-No har vi mobilisert for å høyre kva medlemmane i Ungdomslaget ynskjer vi skal jobbe for: å bevare Fosshalla eller arbeide med å få et nytt ungdomshus, seier Åberg Fjell på vegne av lokallaget.

Kva av utfalla det vert er enno uvisst, og på det ekstraordinære møtet håpar ungdomslaget på tydlege signal frå medlemmane.

-Vi er veldig spent på korleis ekstraordinært årsmøte i morgon 21.03 24 vert, både med tanke på at politikarar skal forklare sitt standpunkt, og kva medlemmane ynskjer. Det er mykje historie i veggane i Fosshalla så det vil vert sårt dersom det blir revet, rundar ho av.

Fleire aktualitetar

Sjå alle