Image

Landsrådsmøte 22.-23. oktober

 Sendt ut per e-post 30. juni 2016:

Til fylkeslaga i Noregs Ungdomslag

De blir med dette kalla inn til landsrådsmøte i Noregs Ungdomslag, 22.-23. oktober. I år er det 120 år sidan Noregs Ungdomslag vart skipa, og dette blir markert med at landsrådsmøtet blir lagt til Trondheim, med Sør-Trøndelag Ungdomslag som vertskaps-lag. BUL i Nidaros har lagt sin haustleik til same helg, og dette vil legge ei fin sosial ramme rundt møtet.

Om landsrådet:
Landsrådet er eit rådgjevande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan de sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget.

Tidsramme for møtet:
Møtet vil starte laurdag kl. 9 og blir avslutta søndag kl. 14. Det er difor hyggeleg om dei fleste kjem allereie fredag kveld.

Førebels sakliste/tema for møtet:
1. Instruktøropplæringa i Noregs Ungdomslag - kursstader i 2017
2. Sommarleiren til NU - m.a. med vekt på rekruttering og støtte frå fylkeslaga
3. Besøksrunden 2017
4. Vertskap for Landsrådsmøtet 2017.
5. Landsmøtet 2017, med m.a. følgjande saker:
- Nytt prinsipprogram i 2017
- Fagpolitisk plattform for NU
- Ny, framtidig sentral tilskiping i NU?
6. Saker innmeldt frå fylkeslaga

Viktige fristar
Frist for å melde inn saker til møtet blir satt til 7. september.

Program med påmeldingsskjema blir utsendt i september.

 

Påmeldingsfristen er satt til 1. oktober.

Vi ber dykk allereie no om halde av datoen, og notere påmeldingsfristen. Vi nyttar også høvet til å ønskje dykk alle ein god sommar!

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign