Image

Noregs Ungdomslag

BunadFolkedansBarn og ungeTeater
Noregs Ungdomslag
(NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over 16 000 medlemmer i 450 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.


Utøvarstudentar i Tradisjonsdans fornyar tradisjonen

Onsdag 9. og torsdag 10. mai denne veka viste NTNU-studentane som er midt i 20-åra at tradisjonsdansen inspirerer til kreativitet og utforsking for nye generasjonar.

Publisert: 16.05.2012 | Les meir»

Vil delta i integreringsarbeidet

Noregs Ungdomslag vil hjelpe flyktningar med å knekke kulturkoden. Frivillig sektor må i større grad må trekkjast inn i integreringsarbeidet, og opplæringssektoren må nytte dei moglegheitane som finst i frivillige lag.

Publisert: 11.05.2012 | Les meir»

Folkedansfeber 2013

Folkedansfeber er eit prosjekt som NU har gjennomført ein gong før, i Vest Agder. No er det laga på Sør-Austlandet som får sjansen til å vere med. Også denne gongen har vi fått med oss Marianne Dahl og Torill Schinstad som rettleiarar, fagleg og organisa

Publisert: 09.05.2012 | Les meir»

Anne Lindboe nytt barneombud

I dag vart Anne Lindboe utnemnd som nytt barneombod etter Reidar Hjermann. Ho arbeider i dag som overlege ved Oslo Universitetssykehus. Noregs Ungdomslag ønskjer Lindboe lukke til i det viktige arbeidet framover!

Publisert: 27.04.2012 | Les meir»

Klimamelding for ungdomshusa

Om 350 ungdomshus tilknytt Noregs Ungdomslag blir meir energieffektive og vel klimavenlege løysningar, medverker ein til å nå måla i klimaforliket på Stortinget. Enova sine støtteordningar må utvidast til også å gjelde frivillig drivne hus.

Publisert: 26.04.2012 | Les meir»

Førsteplass til Bergen og Dokka

Etter årets Kven veit?-tevling står Bergen ungdomslag Ervingen si A-gruppe att som vinnar av seniortevlinga, medan Dokka ungdomsskole 8D-2 vann juniorkategorien i årets spørretevling.

Publisert: 25.04.2012 | Les meir»

Kleiveland ny leiar i Noregs Ungdomslag

Endre Kleiveland (33) frå Hordaland vart i helga vald til ny leiar i Noregs Ungdomslag etter Kristian Fjellanger. Han reagerer sterkt på at regjeringa varslar utsending av born som har levd lenge i landet.

Publisert: 22.04.2012 | Les meir»

Festival for heile familien

Nordlek 2012 er eit barnevennleg arrangement med potensiale til å bli tidenes familieferie: Festival for liten og festival for stor. No er det berre 90 dagar att før det heile startar i Steinkjer 10. juli 2012.

Publisert: 11.04.2012 | Les meir»

Få dagar igjen til søknadsfristen!

Kva med å studere folkedans til hausten? 15. april er søknadsfristen for dei ordinære folkedansstudia ved NTNU i Trondheim. Desse studia er samlingsbaserte og gratis!

Publisert: 11.04.2012 | Les meir»

Hagevik Teaterådets generalsekretær fra i dag!

I dag, 10. april, har Morten Hagevik første dag i jobben som generalsekretær i Norsk Teaterråd. Han overtar etter Christin Sund. - Norsk teaterråd har vore ein viktig bidragsytar innafor amatørteaterfeltet og det frivillige kulturlivet i ei årrekkje, seie

Publisert: 10.04.2012 | Les meir»

Instruktørseminar 9. og 10. juli i Steinkjer

NORDLEK 2012 inviterer folkedansinstruktørar og dansespelemenn frå heile Norden til fagleg oppdatering, debattar, gruppearbeid og nettverksbygging på Steinkjer 9.-10. juli 2012.

Publisert: 30.03.2012 | Les meir»

Ny leiar i Nynorsk pressekontor

Kristian Fjellanger er vald til ny leiar og Eli Strand til ny nestleiar i styret for Stiftinga Nynorsk pressekontor.

Publisert: 26.03.2012 | Les meir»

Søk om tilskot til stemmerettsmarkering

11. juni 2013 er det 100 år sidan Stortinget vedtok å innføre allmenn stemmerett for kvinner. Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) lyser no ut 1 million kroner som skal bidra til aktivitetar, tiltak og arrangement i jubileumsåret.

Publisert: 14.03.2012 | Les meir»

Dansekveld med plateslepp: Turdansar frå Trøndelag

20. mars inviterar Noregs Ungdomslag til Dansekveld og plateslepp i Nordahl Brunsgt. 22, Oslo!

Publisert: 14.03.2012 | Les meir»

Har du iPhone og skal til Nordlek 2012?

Nå kan du laste ned alle samdansane til Nordlek gjennom denne "Appen"?

Publisert: 13.03.2012 | Les meir»

Innstilt som ny leiar

Endre Kleiveland (32) frå Osterøy i Hordaland er innstilt som ny leiar i Noregs Ungdomslag etter Kristian Fjellanger. – Den viktigaste jobben framover er å styrkje rammevilkåra for ungdomshus, seier Kleiveland.

Publisert: 12.03.2012 | Les meir»

Mara Acantalicio fyller 50!

Ei av Noregs Ungdomslag sine store fyller 50 år 7.april. Mara Acantalicio har lang fartstid i Noregs Ungdomslag og har betydd mykje for amatørteaterarbeidet i organisasjonen i fleire tiår.

Publisert: 07.03.2012 | Les meir»

Tett i teten etter runde 1

Etter 1. tevlingsrunde i Kven veit? 2012 leder Bergen ungdomslag Ervingen si A-gruppe i seniortevlinga. I Kven veit? junior deler heile tre grupper førsteplasseringa etter første runde. Kven veit mest til slutt?

Publisert: 06.03.2012 | Les meir»

Fjellanger tar ikkje attval

Kristian Fjellanger har etter 15 år som tillitsvald på sentralt nivå i organisasjon, meldt i frå til valnemnda om at han ikkje tek attval som styreleiar.

Publisert: 02.03.2012 | Les meir»

Meld deg på Sommarleir!

Nordisk Sommarleir blir arrangert i forkant av den nordiske folkedansfestivalen Nordlek 2012 i Steinkjer. Sommarleiren er for ungdom mellom 14 og 26 år og blir arrangert frå 6. til 10. juli. Det er no mogleg å melde seg på leiren på heimesidene!

Publisert: 21.02.2012 | Les meir»

Instruktørkurs i folkedans og teater

23. til 25. mars arrangerer vi instruktørkurs i teater og folkedans. I tillegg blir det leiaropplæring for tillitsvalde i fylkeslag. Kursa er i Bergen sentrum. Kjem du?

Publisert: 19.01.2012 | Les meir»

Ikkje sit stille - søk pengar i dag

Neste søknadsfrist hos Sparebankstiftelsen er 15. februar. Gjer som andre ungdomslag har gjort - søk pengar til ditt prosjekt! Neste moglegheit er ikkje før i haust.

Publisert: 13.02.2012 | Les meir»

Speler på mange strenger

Rikskonsertane har gleda av å presentere ein ny turné med ein av dei fremste musikalske ambassadørane våre, Annbjørg Lien. Ho skal reise land og strand i februar - her kan du lese kor ho skal.

Publisert: 01.02.2012 | Les meir»

Nynorskungar - ikkje norske ungar?

- NRK skapar eit inntrykk av at ungar som skriv nynorsk ikkje skriv norsk, seier Kristian Fjellanger i Noregs Ungdomslag.

Publisert: 24.01.2012 | Les meir»

Leiarkurs for tillitsvalde i fylkeslag

23.-25. mars blir det halde leiaropplæring for tillitsvalde fylkeslag, samlokalisert med modul 1-kursa i teater og folkedans.

Publisert: 19.01.2012 | Les meir»

Meir dans - mindre drikk

Noregs Ungdomslag har på styremøte 14.januar vedteke å yte kulturell førstehjelp til næringsminster Trond Giske.

Publisert: 14.01.2012 | Les meir»

Valnemnda vil ha deg!

Valnemnda i Noregs Ungdomslag søker deg: som er engasjert i NU si framtid, som likar å jobbe tverrfagleg, som vil vera med på å utvikle NU til ein betre organisasjon og som har lyst til å vera tillitsvald i NU.

Publisert: 21.12.2011 | Les meir»

Kven veit mest?

Det er snart klart for den nasjonale quiz-tevlinga Kven veit? der temaet for 2012 er Populærmusikk gjennom 50 år. Her kan du melde på lag og grupper elektronisk, i tillegg til å finne reglar og informasjon om tevlinga.

Publisert: 12.12.2011 | Les meir»

Meir makt til barn og unge

I 2010 oppnemnte regjeringa eit utval for å vurdere unges makt og deltaking, under leiing av Trond-Viggo Torgersen. I dag vart utgreiinga NOU 2011: 20 Ungdom, makt og medvirkning lagt fram.

Publisert: 13.12.2011 | Les meir»

Vart nominert til nasjonal pris

Margit Fløde frå Stadlandet var Sogn og Fjordane fylkeskommune sin kandidat til den nasjonale frivilligprisen 2011. - Skal det gjerast noko på skulen, i skulekorpset eller nokon treng ei hjelpande hand, så stiller ho opp, heiter det i nominasjonen.

Publisert: 02.12.2011 | Les meir»

Sommarens vakraste eventyr

Finn fram kalenderen din og riv ut sidene frå 6. til 10. juli. Då har du berre éin ting å tenkje på: Du skal på Nordisk kultursommarleir i Steinkjer!

Publisert: 02.12.2011 | Les meir»

Vil du finne det nye barneombudet?

Barn og unge er ekspertar på eigen kvardag, og no treng Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet DI hjelp til å finne det neste Barneombudet.

Publisert: 16.11.2011 | Les meir»

Variert kurstilbod i Stavanger!

Siste helga i januar har fylkeslaga i Rogaland, Telemark, Vest Agder og Aust Agder tradisjon for å skipe til Storkurs. I 2012 er det Rogaland sin tur til å vere arrangør, og kurset er lagt til Siddis-Stova i Stavanger.

Publisert: 23.11.2011 | Les meir»

Søk på reisestipend

VOFO utlyser reisestipend for lærarar, instruktørar og medarbeidarar som jobbar med voksnes læring i studieforbund og deira medlemsorganisasjonar. Du kan no søke på reisestipend for 2012!

Publisert: 09.11.2011 | Les meir»

Teaterfestival i Danmark

Vil du representere Noreg med di teatergruppe på ein nord-europeisk festival i Danmark neste sommar? No kan di gruppe søke om å bli med på den sjuande offisielle NEATA-festivalen!

Publisert: 25.10.2011 | Les meir»

Bygda dansar framleis

I framlegget til statsbudsjett for 2012 får Rådet for folkemusikk og folkedans 0,7 millionar kroner i auke, mellom anna for å fullfinansiere Bygda dansar i tre fylke: Danseru’ i Buskerud, Trø te’ i Nord-Trøndelag og Egdedans i Vest-Agder.

Publisert: 25.10.2011 | Les meir»

Seminar: Song og dans

Laurdag 12. november skipar Nord-Trøndelag kulturvernråd til haustseminaret ”Song og dans ” under Himarfestivalen. Foredragsholdarar er Kirsten Bråten Berg, Tor Stallvik, Rasmus Joensen, Maj Vester Larsen og Berit Bjerkem.

Publisert: 26.10.2011 | Les meir»

Studentar på ulik puls

Gjermund Larsen Trio på høgtaleren, flip-over i hjørnet og golvet fullt av dansestudentar: Emnet Norsk folkelig dans er i gang!

Publisert: 10.10.2011 | Les meir»

Minnepris til Mathilde Skjæret

Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele blir i 2011 tildelt Mathilde Skjæret frå Jostedal i Sogn.

Publisert: 08.10.2011 | Les meir»

- Eit godt budsjett for frivilligheten

Regjeringa la 6. oktober fram sitt framlegg til statsbudsjett for 2012. - Framlegget er eit godt budsjett for frivillig sektor og kulturorganisasjonane, seier styreleiar Kristian Fjellanger.

Publisert: 06.10.2011 | Les meir»

Skal du på ball?

Under Nordlek 2012 i Steinkjer blir det stort Ball. Skal du delta og treng eit dansekurs? Eller kanskje du bare har lyst å lære deg norske og nordiske kontradansar?

Publisert: 05.10.2011 | Les meir»

Nytt Ungdom ute no!

Årets tredje utgåve av medlemsbladet Ungdom er no ute i postkassene. De kan óg lese bladet på heimesidene våre, på PC, iPad eller smarttelefonen din.

Publisert: 03.10.2011 | Les meir»

Det Norske Teatret med mangfaldssatsing

På ei pressekonferanse 8. september vart det gjort kjent at regjeringspartia foreslår at Det Norske Teatret skal få auka løyvingar i 2012 til mangfaldssatsinga "Det Multi Norske". Dette medfører m.a. ei vidareføring av prosjektet Den mangfaldige

Publisert: 09.09.2011 | Les meir»

Ein halv million til Huset i bygda

Ei rekke prosjekt i heile landet får midlar til å arbeide med bulyst. Eitt av prosjekta som no får 500 000 kroner i støtte er prosjektet Huset i bygda, i regi av Norske kulturbygg og Sogn og Fjordane Ungdomslag.

Publisert: 08.09.2011 | Les meir»

Treng ungdomslaget pengar til aktiviteten?

Sommaren er over, og dei fleste laga har starta opp att aktiviteten for hausten. Mange av laga treng kanskje pengar for å realisere planane som er lagt. Her finn du tips til tilskotsordningar du kan søkje på no i haust.

Publisert: 03.09.2011 | Les meir»

Har du eit tillitsverv og har lyst til å lære meir? Kom på kurs!

I samband med at vi har kurshelg i Oslo tilbyr vi gratis organisasjonskurs til våre medlemmer. Kurset blir i Oslo 15.-16. oktober i NU sine lokale i Tollbugata 17.

Publisert: 31.08.2011 | Les meir»

Klar for ei utfordring? Bli instruktør!

Anten du er aktiv innan DANS eller TEATER har du heilt sikkert hatt ein instruktør. Ein som rettleia deg i faglege spørsmål, som delte av eigen kunnskap og erfaring og som ga deg utfordringar. 14. - 16.Oktober er det klart for instruktørkurs.

Publisert: 30.08.2011 | Les meir»

Noregs Ungdomslag kondolerer

Saman med alle dei andre barne- og ungdomsorganisasjonane, sender Noregs Ungdomslag sine varmaste tankar og si djupaste medkjensle til dei som er råka av dei forferdelege hendingane fredag.

Publisert: 26.07.2011 | Les meir»

Eit heidundrandes Barnlek 2011!

13-17 juli var rundt 1400 barn og ungdomar frå heile norden samla i Skive i Danmark for å danse, få nye vener, vere lenge oppe, ete is og godis, og danse litt til. Det var nemleg invitert til nordisk folkedansstemne for barn, BARNLEK.

Publisert: 26.07.2011 | Les meir»

Lyst heile natta i Bodø

Ikkje bare veret var fantastisk i Bodø: Folkedansfestivalen 2011 baud på forrykande dansekveldar og eit mangfald både dansemessig og musikalsk. Hundrevis av danseglade sørga for å skape ein minnerik festival.

Publisert: 11.07.2011 | Les meir»

Kva skjer?

Heile kalenderen»
Image 

 


Image


Noregs Ungdomslag • Tollbugata 17 • Postboks 414 sentrum 0103 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • E-post: post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad

Design og publiseringsløsning: mpDesign