Image

Historikk

Noregs Ungdomslag er ein samanslutning av ungdomslag over heile landet. Organisasjonen har i dag omlag 400 aktive lokallag fordelt på 22 fylkeslag.


Opphavet til organisasjonen er dei mange lese- og samtalelag og ”ynglingeforeninger” som grodde opp i siste halvdelen av 1800-talet. Desse fekk snart namnet ungdomslag i pakt med nasjonale straumdrag og etter inspirasjon frå miljøet rundt folkehøgskulane.
 

ImageAllereie før 1900 var det skipa mange distriktslag, eller ”fylkeslag” som dei vart kalla. Sommaren 1896 kom 17 utsendingar frå sju fylkeslag saman i Trondheim og skipa Noregs Ungdomslag. Initiativet kom frå Eidsiva Fylkeslag (Akershus og Østfold). Dei som gjekk i brodden for ein landssamskipnad var sterkt prega av det nasjonale, og såg det som ei oppgåve å samle dei frilynte ungdomslaga til ei ”norsklynd” kraft i samfunnet.


Arbeidsoppgåvene for organisasjonen har vore mangslungne ned gjennom åra. Den første tida sto styrking av det norske forsvaret sterkt, og NU fekk offentleg stønad for å agitere for eit sterkare militært forsvar. Målsaka har i store delar av organisasjonshistoria vore sentralt arbeidsfelt, både for organisasjonen sentralt og for enkelte lokallag, særleg dei som også er tilslutta Noregs Mållag.Elles har organisasjonen drive aktivt folkeopplysningsarbeid i form av skriftserie og formidling av foredragshaldarar. Etter krigen då det vart vanleg med radio og andre medier, vart denne verksemda lagt ned.
 

Aktiviteten i lokallag og fylkeslag har vore og er svært variert. Grunntanken er at laget skal gje medlemmane høve til å utvikle seg, lære noko, få innsyn i demokratiske spelereglar og våge stå fram for ei forsamling med meiningane sine.

ImageI praksis har dette vore konkretisert i form av handskrivne og trykte lagsaviser, amatørteater, folkedans og andre danseformer, skogplanting, husflid, turar og utflukter. Nokre lag har hatt eige idrettslag (Bondeungdomslaget i Oslo og nokre få andre har det framleis), og eige musikklag.
 

Lokallaga gjekk også i brodden for mange andre gode tiltak og saker i nærmiljøet, som t.d. kjøp av fiskeyngel for utsetting i vatn, pengeinnsamling til orgel i skolen, pengestøtte til legesjekk av skolebarn, og støtte til kampen mot tuberkulose. Svært mange lag hadde eiga boksamling til utlån før det offentlege overtok dette ansvaret. Kinodrift var også vanleg.

Men det som kanskje synest mest etter ungdomslaga, er dei mange ungdomshusa rundt om i heile landet. Arbeidet med å skaffe lokalsamfunnet forsamlingslokale tok til allereie før 1900, og dugnad på ungdomshuset samlar framleis eldre og unge til innsats for nærmiljøet.

I dag er aktivitetane retta mot andre behov. Det finst mellom anna rundt 90 ungdomsklubbar innan organisasjonen. Folkedans, amatørteater og bunadsarbeid er satsingsfelt frå sentralt hald i organisasjonen, og det blir halde ei rekke kurs for å heve og ivareta kvalitet og mangfald. Både innan folkedans og amatørteater deltar NU i internasjonalt samarbeid.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign