Image

Kven veit?

Image

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til tema. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap.

Søk om vaksenopplæringsmidlar
Du finn meir informasjon om reglane for vaksenopplæring på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon. 
 

Du søker støtte og finn studieplan for Kven veit? her

Deltakaravgift

Deltakaravgifta for Senior er kr kr 450 for kvar gruppe, samt kr 65 per deltakar for studiemateriel. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste lag, både i senior og i junior, får pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500.  Resultatlistene vert kunngjort på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.


Fjærland Ungdomslag, Bygstad skule og Bergen Ungdomslag Ervingen vinnarar av Kven veit? 2017

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Les meir»
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign