Hopp til hovedinnhold
Nyttig for laga

Stem på Årets lokallag 2023

Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for andre gong under landsmøte i Oslo 20.-30. april 2024. I 2023 vart Kløvheim Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag! 

Bakgrunnen for oppretting av prisen er å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kr.

Mot slutten av 2023 vart det opna opp for at folk kunne sende inn sine nominasjonar til årets lokallag. Det kom inn gode nominasjonar og styret i Noregs Ungdomslagplukka ut fem lag som kom vidare i prosessen.

Dei fem laga du kan stemme på er Bagabu Ungdomslag, BUL Bodø, Sandeid Ungdomslag, Tunsberg Leikarring og Ungdomslaget Prøven.

I vurderinga vart det lagt vekt på lag som medverkar gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod, og ikkje minst samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder. Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.

Årets lokallag vert kåra etter avstemming blant medlemmane i Noregs Ungdomslag, samt juryen sin vurdering av kandidatane.

Jury for 2023 er Irene Dahl, Kjærsti Gangsø og Christoffer Knagenhjelm. 

Alle kan no stemme på sitt favorittlag fram til 15.4.2024. Etter det vil juryen ta ei avgjerd og dele ut prisen under landsmøtet.

Om dei nominerte

Bagabu Ungdomslag

Bagabu ungdomslag feirar i 2024 125 år. Dette skjer med ulike aktivitetar og oppsettingar på eit og same år! Bagabu Ungdomslag er eit lag som både rekrutterer, involverer, delegerer, produserer, deler, opplever, engasjerer og skaper rom for alle både barn, ungdom og vaksne. Laget har òg har stort fokus på at dette skal skje saman på tvers av alder. Laget er aktivt i fylkeslaget og Noregs Ungdomslag sentralt med styremedlemmar.

Bagabu Ungdomslag har høg aktivitet gjennom året. Det er teateraktivitet for alle aldersgrupper: barne- og ungdomsteater, revy og utendørsteater. Dei har og eit mannskor, arrangerar songkveldar og LAN-party. Bagabu Ungdomslag bidreg til at bygda blir mangfaldig og rik, ved å skape aktivitetar og møteplassar.

BUL Bodø

BUL Bodø er eit fyrtårn innafor folkedans- og musikk i Nordland Ungdomslag. Laget arrangerer eller deltek på møter og kurs både regionalt og nasjonalt og er sterkt representert i fylkeslaget. Dei er òg opptatt av å satse på unge medlemmer og sleppe dei til i organisasjonen. BUL Bodø har eit breitt tilbod til medlemmene, som teatergruppe og folkedansgruppe for barn og vaksne og spelemannslag med øving og opplæring for ungdom og vaksne. Laget har dyktige og engasjerte instruktørar, både i folkedans og musikk og teater. Dette, saman med eit veldig godt miljø er grunnen til at mange barn og unge blir med og dansar folkedans i BUL. Spelemannslag tilbyr opplæring av dei som ynskjer å lære å spele folkemusikk, og det er faste øvingar for ei ungdomsgruppe og ei gruppe for vaksne røynde spelemenn/kvinner. Folkedansgruppa, i lag med spelemannsgruppa, er kjent og kjær del av bybilete med framsyningar kvart år, både i gågata og kulturhuset i Bodø. Teatergruppa har faste øvingar kvar veke. Aktiviteten går ut på å øve inn og framføre teaterstykke. I tillegg driv gruppa også med teatersport. I Bodø er BUL stort sett det einaste frivillige og frittståande tilbodet til teaterinteresserte barn og unge, og har vore det kontinuerleg i over førti år.

I tillegg har laget eiga lagshytte. I helgene i vinterhalvåret fra nyttår til påske er hytta skikafe for byens befolkning. Havresuppa på «Erlingbu» er eit kjent begrep i Bodø. Kafeen drives på dugnad av medlemmene i laget.

Sandeid Ungdomslag

Sandeid Ungdomslag har sidan oppstarten i 1908 hatt eit variert aktivitetstilbod for folk i alle aldre. Sandeid UL er eit kjent lag i lokalsamfunnet, som medverkar stort til at samfunnshuset i bygda består. Laget er opptatt av å vere eit alternativ til barn som ikkje er med på idrett og med billig medlemskontingent, slik at folk ikkje vert sperra ute frå aktivitetar. Ungdomslaget har hatt aktiv teaterverksemd i over 40 år, både for vaksne og barn, og gjerne i kombinasjon. Den siste barneforestillinga hadde 29 deltakarar og skodespelarar i alderen 9 år og opp til 82 år! Eit anna viktig tilbod er sommarteaterskule som er eit alternativ for barn rett etter skuleslutt på sommaren. Laget arrangerer elles rusleturar med overnatting i nærmiljøet for heile familien, skogplanting i bygda, dugnad i bygda i forbindelse til Sandeid dagen, 17.mai feiring, dansar, kulturkveldar med ulike artistar med kveldsmat og ulike kurs som er opne for alle. Dei har eit godt samarbeid med fylkesstyret, der dei har vore engasjert, fått god støtte av og har videre planer framover med.

Tunsberg Leikarring

Tunsberg Leikarring er i dag einaste aktive leikarringen i heile Vestfold med mellom 20 og 30 folkedansarar kvar tysdag, som er opptatt av eit mangfald av danseformer, som folkedans (turdans, sangdans, bygdedans), swing og line dance. Laget har eigen spelemann og jobbar aktivt med rekruttering av barn, med eige barnelag på 14 ungar (= framtida!), men driv og med andre aktivitetar som strikkekafé og bunadskurs. Tunsberg Leikarring legg stor vekt på sosiale tilstellingar for medlemmane, med blant anna medlemsmøte kvart halvår, årsmøte, sommaravslutning og julebord. Laget eig eige ungdomshus, «Sverretun» med fleire hundre personar innom kvar veke. Tunsberg leikarring er opptatt av fellesskapet med andre lokallag og vitjar jamleg Porsgrunn og Skien-laga, med gjenvisittar. Leikarringen er òg flinke til å dra på leikfestar. Nesten heile laget var m.a. på helgetur i oktober 2023 på Straand hotell med kurs i Finnskog-pols.

Ungdomslaget Prøven

Ungdomslaget Prøven er eit aktivt og engasjert lag på Nordmøre som mellom anna deltek i Kven veit? med sju lag. To av lokallagsmedlemmane fekk årets kulturpris i Aure kommune i 2023, blant anna for sin innsats i ungdomslaget. UL Prøven er engasjert i regionlaget med styremedlem i Nordmøre UL. Laget har eit veldig aktivt barnelag, med karneval, diskotek og Halloween. Det har vore oppdelt i fleire grupper slik at det passer for barn og ungdom i alle aldre. UL Prøven er opptatt av å vere ein god medspelar i bygda og ungdomshuset er mykje brukt av alle i bygda uansett alder og vert brukt av idrettslaget, møter, kurs, gravferd, bryllaup og dåp med matservering for de som ønsker det. I år har laget utvida utearealet med god plass til mykje lek og moro. Laget er òg opptatt av lågterskeltilbod med ruskenaksjon og strandrydding med grilling eller små turar ut i naturen i nærområdet. Laget arrangerer elles bokkafé, adventsmiddag, juletrefest og romjulsfest med god mat, drikke, musikk og teaterinnslag frå nokre av medlemmane. UL Prøven er òg engasjert i prosjektet «Glad sommeri Aure», saman med fleire lag i Aure kommune. Målsettinga er å aktivisere barn og ungdom i sommarferien, samt i Tustnadagen, som er ein populær familiedag. 

Fleire aktualitetar

Sjå alle