Hopp til hovedinnhold

To nye heidersmedlem

Turid Mørk Øftsaas og Kjærsti Evjen Gangsø vart under landsmøtet i dag utnemnt som nye heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.

Bilde.Bilde.

- Det høyres ut som eg har gitt mykje, men eg har fått så uendeleg mykje meir, sa Turid Mørk Øftsaas frå talarstolen etter ståande applaus frå landsmøtet.

Kjærsti Evjen Gangstø fekk same heideren frå Noregs Ungdomslag og frå landsmøtesalen.

Ho seier at noko av det som var kjekt med Noregs Ungdomslag som ung ikkje berre var dansen i seg sjølv, men det å verte teken på alvor.

- Det er klart at når du er 14 år og får tillitsverv i organisasjonen, så er det ikkje fordi du har erfaring, seier Evjen Gangstø, og understrekar at ho er klar over at ho mang ein gong har vore reserve, men at ho likevel har sagt ja når moglegheitene har bydd seg.

- Det er viktig å sjå mogelgheitene i enkeltindividet, og det er eg takksam for at nokon gjor med meg, seier Evjen Gangstø.

Begrunning frå juryen

Turid Mørk Øftsaas

Turid Mørk ØftsaasTurid Mørk Øftsaas
Turid Mørk Øftsaas

Turid Mørk Øfstaas (f. 1937) kjem frå Bærum og er lærarutdanna frå Bergen.

Frå 1965-1968 og 1974-1977 var ho leikleiar i Noregs Ungdomslag, etter at ho hadde gått leiklærarkurs både i 1961 og 1963 og fekk status som godkjent leiklærar i 1963.

I mange år var ho med i Leikarringen i BUL Oslo og var instruktør i barnelaget der. Mens ho var leikleiar tok ho initiativet til det første landsstemnet for barn, i Uvdal 1967.

I styret i Noregs Ungdomslag sat ho frå 1968 til 1971, ho var også formann i leikrådet 1975-77. Som leikleiar i Noregs Ungdomslag kom ho med i revisjonsarbeidet av Klara Semb sine folkedansbøker, og ho var med i revisjonsnemnda heilt fram til turdansboka kom i 1991.

I Vestre Toten Barneleikarring har ho i mange år gjort eit imponerande arbeid også på nordisk plan, med å vere med og starte opp nordiske folkedanstreff for barn. Først var det treff mellom Vestre Toten Barneleikarring og Falkringen i Falkenberg i Sverige, og ein kort periode også med ein barneleikarring i Vasa.

I 1987 valte den nordiske folkedansorganisasjonen NORDLEK eit utval til å styrke arbeidt for barn og ungdom, og Turid var aktivt med der. Og både i det fyrste BARNLEK i 1992 og ikkje minst som stemneleiar for det gigantiske BARNLEK 95 på Gjøvik stod ho i spissen for eit verdfullt barne- og ungdomsarbeid med over 3000 dansarar og spelemenn i alderen 8 til 16 år.

Tillitsverva i NORDLEK, mellom anna som leiar for utdanningsutvalet, har ho også kombinert med aktivt medlemskap i revisjonsnemndene som har stått for det store arbeidet å revidere rettleiingsbøkene til Klara Semb fram til songdansboka i 1985 og turdansboka i 1991.

Kjærsti Evjen Gangsø

Kjærsti Evjen GangsøKjærsti Evjen Gangsø
Kjærsti Evjen Gangsø

Kjærsti Evjen Gangsø (f. 1960) kjem frå Bodø, og er i dag dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon.

Ho hadde oppveksten i BUL Bodø, og blei etterkvart organisasjonssekretær i Inn-Trøndelag Ungdomssamlag. Frå 1980 til 1982 var ho leiar av Rådet for barnearbeid i Noregs Ungdomslag, og i 1986 blei ho vald inn frå Orkladal fylkeslag som den yngste leiaren i NU til dags dato. Etter å ha vore leiar i tre år gjekk ho av i 1989, og jobba ein liten periode på NU-kontoret før ho fekk arbeid som dagleg leiar i Noregs barne- og ungdomskorforbund.

På byrjinga av 90-talet kom det nye lovar som gjorde at NU måtte skipa til studieforbund saman med andre organisasjonar, og i 1997 blei Folkekulturforbundet til med Kjærsti som dagleg leiar. Ei stilling ho framleis har i dag, sjølv om forbundet skifta namn i mellomtida. Ho har bygd opp studieforbundet til å bli eit av dei største og mest robuste studieforbunda i landet. I 2001 viste ho veg for distriktspolitikk i praksis ved å flytte kontoret for studieforbundet frå Oslo til Vågå.

Ho er i dag styreleiar i Kulturalliansen og nestleiar i Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og har tidlegare vore med i styra i både Vaksenopplæringsforbundet og Teateralliansen. Ho var òg med i Tronutvalet som leverte NOU 2007:11 om Studieforbund – læring for livet.

Kjærsti er ein av dei som har jobba i «kulissane» i å alle år, og sørga for å dytte på for at NU skal bli stadig betre. Ho skjønar rolla si, men har brukt den til å både utfordre og utvikle tillitsvalde og tilsette i NU. Ho har sørga for at NU har stilt med dei beste folka til dei rette posisjonane og verva til rett tid. På mange måtar er ho ei personifisering av NU, og visar godt korleis både folkedans, teater, handarbeid, studiearbeid og organisasjonsarbeid heng tett saman.

Fleire aktualitetar

Sjå alle