Hopp til hovedinnhold

Kva er ein bunad?

Mange har prøvd å definere kva ein bunad er. Det vert sett skilje mellom bunad og folkedrakt, bunad og festdrakt, og vanlege bunader og rekonstruerte bunader. Det er lett å gå seg vill i omgrepsjungelen, så her kjem ei lita historisk og faktaorientert innføring.

Den første som tok i bruk ordet bunad, for å definere plagga slik vi kjenner dei i dag, var Hulda Garborg. Ho brukte ordet om både folkedraktene som var i dagleg bruk på landsbygda, og dei nye draktene laga med utgangspunkt i folkedraktene. Å skilje mellom bunad og folkedrakt vart ikkje gjort før lenge etterpå, av historikar Aagot Noss, i samband med artikkelen «Frå bunad til folkedrakt» i 1974.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt opererer med fem kategoriar som dei deler bunadane inn i. Dei er nøye med å presisere at dette ikkje er meint som ei klasseinndeling, verken for kor fine bunaden er, eller kor «riktig» ho er. Inndelinga er først og fremst meint som eit verktøy for å forstå dei historiske samanhengane den einskilde bunaden fell inn under. Kategoriane vart først teke i bruk i informasjonsheftet «Norskebunader – bakgrunn rekonstruksjon bruk» i 1979, og bygger på arbeidet til den svenske etnografen Ulla Centergran. Ho definerte bunaden basert på kva som blir brukt som bunad, uavhengig om det er frie komposisjonar eller vitskaplege rekonstruksjonar.

Fem gamle trkivbilete av folk i bunad, ca 1890-1950Fem gamle trkivbilete av folk i bunad, ca 1890-1950
Foto: Arkiv Nationalbiblioteket

Kategoriane vert i dag først og fremst brukt i fagmiljø, og ikkje av bunadsbrukarar. For folk flest er den personlege tilknytinga til bunaden det viktigaste, ikkje kva kategori ho fell inn under.

Kategori 1

Dette er bunader som representerer siste ledd i ein folkedraktutvikling. Nokre stader i Noreg heldt den lokale klesskikken seg lenger enn andre og plagget har gått i ubroten tradisjon frå folkedrakt til bunad.

Eit døme på bunad innanfor denne kategorien er kvinne- og mannsbunadane frå Setesdal.

Kvinne i bunad frå SetesdalKvinne i bunad frå Setesdal
Foto: Mittet & Co AS, "Fra Setesdal", Nationalbiblioteket
Ein gruppe kvinner og menn utanfor Heddal Stavkyrkje på 1800-talet, iført bunadEin gruppe kvinner og menn utanfor Heddal Stavkyrkje på 1800-talet, iført bunad
Foto: Axel Lindahl, "Telemark, Heddal stavkirke, inngangen", Nationalbiblioteket

Kategori 2

Bunader som har bakgrunn i ein folkedrakt som ikkje lenger var i bruk, men som ikkje var gløymt. Mange visste korleis bunaden skulle vere, og korleis ho vart laga. I starten då ein byrja ta i bruk desse bunadene, hadde ein også gamle, originale draktdelar.

Eit døme på bunad i denne kategorien er beltestakken frå Midt-Telemark og mannsbunad med gråtrøye frå Aust-Telemark.

Kategori 3

Her finn vi bunader som er systematisk rekonstruerte på grunnlag av gamle folkedraktplagg som har blitt bevart. Plagga var frå same område, og frå same tidsperiode, og ein hadde andre kjelder som støtta opp under dette som bilete, måleri og skriftlege kjelder. Ein bunad som vi finn innanfor denne kategorien er den rekonstruerte kvinnebunaden frå Rogaland.

Fire kvinner i rekonstruert kvinnebunad frå Rogaland.Fire kvinner i rekonstruert kvinnebunad frå Rogaland.
Foto: Mona Husby/Noregs Ungdomslag
Tre kvinner er bunad frå NordtrønderlagTre kvinner er bunad frå Nordtrønderlag
Foto Mona Husby/Noregs Ungdomslag

Kategori 4

Dette er bunader som er laga på grunnlag av eit tilfeldig eller mangelfullt, gammalt draktmateriale. Der ein ikkje fann informasjon om draktdelar, komponerte ein delar som passa til. Eit døme på ein bunad som tilhøyrer denne kategorien er kvinnebunaden frå Nordtrøndelag.

Kategori 5

Her finn vi bunader som er heilt eller delvis fritt komponerte. Nokre av bunadane har trekk frå folkedraktmaterialet, medan andre har henta inspirasjon frå ulike typar gjenstandar eller plagg. Særleg mange av bunadane som vart utforma på byrjinga av 1900-talet, med Hulda Garborg som primus motor, fell inn under denne kategorien. Dette var ein tidsperiode med stor begeistring for bunad, og mange bygder ønskte sin eigen drakt, gjerne med ullbroderi. Kvinnebunaden frå Nordland er eit døme på ein bunad innanfor denne kategorien.

Tre kvinner i NordlandsbunadTre kvinner i Nordlandsbunad
Foto: Mona Husby/Noregs Ungdomslag

Nokre er veldig opptekne av å skilje mellom bunad og drakt. Dette gjeld særleg dersom bunaden er svært ny. Mange har ein tanke om at ein bunad må vere gamal, eller basere seg på gamalt draktmateriale, for å kunne kallast ein bunad. Då gløymer vi å tenkje på at dei fleste bunadene i bruk no vart introduserte mellom 1910 og 1970 som relativt løysrevne komposisjonar. Då Norsk Bunadleksikon vart utgitt i 2006, vart det presentert over 400 bunader frå heile landet, og talet har nok stige betrakteleg sidan den gang. Mange stader er i gang med å lage rekonstruerte bunader, basert på gamalt draktmateriale, som eit alternativ til bunadane som kom på første halvdel av 1900-talet. Medan andre stader har det vorte laga heilt nye bunader, som ikkje baserer seg på kjeldemateriale i det heile teke. Den siste i denne rekken er Saltenbunaden som vart lansert i april 2024. Denne meinte fleire kommentatorar at heller måtte kallast festdrakt, enn bunad. Men må den det? Og er det eigentlig så strengt?

Ordet, som Hulda tok i bruk, stammar frå norrønt búnaðr, som betyr «utstyr til heimen». «Folkedrakt» er kvardags- og festklede brukt i eit gitt geografisk område, og i Noreg bruker vi ikkje lenger folkedrakter, anna enn som nettopp bunad, så desse to omgrepa tyder slik sett det same. Festdrakt blir brukt som betegnelse for ein nyare drakt laga til fest, med design som enten tar opp element frå folkedrakter, eller som er heilt frie konstruksjonar. (Ikke ulikt bunadane Hulda komponerte på tidleg 1900-tal, som vi i dag kallar bunad).

Det som skiller festdrakten frå bunaden er individualismen - både kva gjelder snitt, farger og tekstiler. Festdrakten vart gjort særlig populær av FÆBRIK, som oppfordrer folk til å sy sine eigne festdrakter, med tekstil dei finn på loft, loppemarkeder eller i arvekista. Camilla Rossing forklarte forskjellen på festdrakt og bunad godt på Debatten på Nrk i fjor: «Der ein festdrakt uttrykker individualitet og personlegdom, vil ein bunad signalisere eit kollektiv, der ein kler seg inn i eit felleskap.» Dette er to tradisjonar som har levd side om side sidan 80-talet, og som kjem til å sameksistere godt i mange år framover. 

Ordet bunad er ikkje ein beskytta tittel, og favner breitt. Ifølgje Norsk Folkemuseum er alt som blir brukt som ein bunad, ein bunad. Så her blir vi nok kanskje aldri heilt einige, men det er jo nettopp det som gjer bunadstradisjonen så spennande. Det viktigaste er at vi gir kvarandre plass, og respekterer kvarandres val og meiningar.

Om det er bunad, folkedrakt eller festdrakt - bruk ho med glede og stoltheit!

Kjelder

Bjørn Sverre Hol Haugen (red.), Norsk Bunadleksikon, bind 1, N. W. Damm & Søn AS, 2006

Store Norske Leksikon: Bunad

Store Norske Leksikon: Bunadskategorier

Magasine Bunad

Norsk Folkemuseum