Hopp til hovedinnhold

Levande kulturarv i Noregs Ungdomslag

I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ekspertorganisasjon av UNESCO. For å få ei slik akkreditering må ein vise til sitt arbeid med levande kulturarv i eigen organisasjon.

NU har drive og driv med levande kulturarv på mange ulike måtar. Denne teksten er ei omskriving av akkrediteringssøknaden NU sendte til UNESCO i 2021 og synleggjer NU som kulturarvsorganisasjon.

For levande lokalkultur

Føremålsparagrafen til Noregs Ungdomslag lyder at "Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø." I dette ligg det ei grunnleggjande forståing av at vi skal drive kulturarbeid i lokalsamfunna heile landet over. Dette arbeidet drives gjennom lokale og nasjonale kurs, publikasjonar, tevlingar, samlingar og møter.

Noregs Ungdomslag er ein gammal organisasjon med ei samansett historie og eit mangfald av innhald. Heilt sidan starten har folkeopplysing, kultur og språkarbeid vore ein sentral del av arbeidet i organisasjonen. I dag seier ein gjerne at organisasjonen har fokus på desse kjerneområda; folkedans, bunad, teater, ungdomshus og språk.

Generasjonsorganisasjon

Dei lokale laga har mange ei eldre historie enn sentralorganisasjonen. Noregs Ungdomslag er difor ein organisasjon som har samla generasjonar til aktivitet over heile landet i godt over 120 år. I dag teller organisasjonen 380 lokallag, og aktivitetar og tilskipingar skjer mange stader i eigne ungdomshus. Dei lokale laga sitt på ei erfaring og ein kunnskap om sin aktivitet som er uvurderleg, og det har alltid vore i NU si and å få til vidareføring av desse til neste generasjon.

Som ein generasjonsorganisasjon med medlemmar frå 0 til 100 år, arbeidar vi med verdi-, og kunnskapsoverføring på tvers av aldrar, og vi ser på vårt virke som ein viktig del av å ivareta den norske kulturarven. Vi er stolte av vår organisasjonsstruktur som er tufta på frivillig arbeid i lokalmiljøa. Det er ein føresetnad at vi er styrt nedanfrå og opp, med frivillige i lokallag, fylkeslag og eit nasjonalt styre som gir føringar til dei tilsette på kontoret.

Mangfald

Det er ei styrke at vi som organisasjon er så mangfaldig, for på denne måten får vi til gode samarbeid med fleire andre organisasjonar og institusjonar med interesse for dei ulike fagfelta som dei vi har definert som våre satsingsområde. Gjennom desse samarbeida får vi både auka eigen kompetanse, men også formidla vår kompetanse vidare til andre. Vi får moglegheit til å i større grad arbeidd for at viktig kunnskap og tradisjon blir ivareteke både politisk og fagleg.

Kurs og opplæring

Som sentralledd, er kompetanseheving og kursverksemd retta mot medlemmane noko av det viktigaste vi driv med. Noregs Ungdomslag har lang tradisjon for å invitere til sentrale kurs på både folkedans, folkemusikk, teater, handverk og husdrift, i tillegg til at vi i mange år har drive gjesteinstruktørordning, der ein fagperson dreg ut til lokallaga for å halde kurs. I eit ordinært år planlegg vi for om lag 40 slike kurs, kor nesten halvparten av dei finn stad under Sommarleiren.

Kvart år skipar vi til Sommarleiren for ungdom i alderen 13 – 26 år. Gjennom ei veke får deltakarane opplæring i dansetradisjonar, teateraktivitet, folkemusikk, handverk og friluftsliv, i tillegg til at dei får auka eiget nettverk og kjem i kontakt med ungdom med same interesse som dei sjølve.

I tillegg til kurs, inviterer vi til både eigne seminar med aktuelle tema, og til seminar i samarbeid med andre organisasjonar. Den siste tida har tilbodet om digitale seminar auka, noko som gir oss større moglegheit til å nå ut til enda fleire.

Organisasjonsstrukturen

Vår organisasjon består av om lag 14 000 medlemmer og 380 lokallag rundt om i heile landet. Medlemmene finnes i alle aldersgrupper og lokallaga driv ulike aktivitetar retta mot både barn, unge og vaksne. Aktiviteten i lokallaga kan variere i stor grad, men hovudføremålet til alle lokallag er å skape trygge møteplassar og kulturaktivitet i deira lokalsamfunn.

Noregs Ungdomslag er ein demokratisk organisasjon i alle ledd, kor alle medlemmar over 14 år har rett til å bli valt inn i verv, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det nasjonale styret blir valt på Landsmøte som finn stad årleg. Som ein del av informasjonsarbeidet mottek medlemmane våre medlemsblad med relevante artiklar om fagfelta våre, i tillegg til nyheitsbrev og aktuell informasjon på nettsida og våre profilar i sosiale medium. Fleire av fylkeslaga og lokallaga har også nyheitsbrev og eigne nettsider eller sosiale medium – profilar.

Styre og administrasjon

Organisasjonen har vedteke ein fagpolitisk plattform som seier noko om kva fagområde NU sentralt skal ha hovudfokus på, og som speglar samansettinga av tilsette i administrasjonen. Vi har ein administrasjon beståande av seks tilsette, i tillegg til at vi har to tilsette i prosjektstillingar knytt til eigne føremål. I administrasjonen har vi eigne rådgjevarar med ansvar for fagfelta dans, teater, bunad, og hus. Alle rådgjevarane innehar fagkompetanse på sine felt, og kontoret fungerer difor som ein støtte og ressurs for lokallag og medlemmar. Administrasjonsspråket i NU er nynorsk, og vi jobbar difor både direkte med fremjing av dette skriftmålet. Administrasjonen jobbar i hovudsak politisk og fagleg for å legge til rette for gode møtestader for medlemmane våre, for kompetanseheving gjennom kurs og opplæring, og politisk for å sørge for gode rammevilkår til at lokallaga kan drive aktivitet.

Vår administrasjon sitt på brei fagleg kompetanse, med eigne tilsette på dei ulike hovudfagfelta våre. Dei tilsette har anten formell utdanning eller realkompetanse på felta. Organisasjonen som heilskap har 125 år med erfaring med å jobbe med våre fagfelt, og sitt difor på eit stort arkiv av informasjon og kunnskap som kan nyttast. Gjennom samarbeida våre sitt vi også på ein stor del kunnskap og informasjon. Administrasjonen sitt difor på både kompetanse og kapasitet til å drive rådgjevande arbeid

Styret i Noregs Ungdomslag er samansett av medlemmar med brei spreiing i geografi, alder og interessefelt, og er difor samla sett ein stor ressurs som administrasjonen kan inkludere i rådgjevande arbeid. I tillegg har Noregs Ungdomslag to fagråd på folkedans og teater beståande av tre personar kvar med kompetanse på desse fagfelta. Desse råda fungerer som rådgjevarar for administrasjonen, og dei vil vere ein nyttig ressurs i rådgjevande arbeid for UNESCO.

Samarbeid med andre innan levande kulturarv

Vår organisasjon består av 348 lokallag-, og fylkeslag spreia over hele landet. Tal medlemmer i våre underorganisasjonar varierer frå 5 til 700 medlemmar. Vi samarbeider kontinuerleg med våre lokallag og fylkeslag om opplæringsaktivitet, arrangement, medlemsservice og informasjonsarbeid. Våre hovudkanalar for kommunikasjon med lokal-, og fylkeslag er vekentleg nyheitsbrev med relevant informasjon og oppmodingar, heimesida, Facebookside, Instagramprofil og medlemsblad.

Noregs Ungdomslag har etablerte samarbeid med relevante UNESCO-akkrediterte NGOs. Disse er Norges Husflidslag (Norwegian Folk Art and Crafts Association), Norsk institutt for bunad og folkedrakt (Norwegian Institute of bunad and folk costume) and Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Norwegian Center for Traditional Music and Dance). I tillegg samarbeider vi med fleire andre organisasjonar som driv immateriell kulturarv-aktivitet, slik som FolkOrg, Norsk Folkedraktforum, Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge, Nynorsk Pressekontor, Studieforbundet kultur og tradisjon, og Kulturalliansen.

Gjennom våre samarbeid driv vi prosjekt, opplæring, arrangement og opplysningsarbeid innanfor tradisjonshandverk, folkemusikk-, og folkedans, teater og språk.

Vi har også etablerte nordiske samarbeid. Gjennom forbundet Nordlek (Nordisk Förbund for Folkkultur) fremjer vi nordisk folkedans-, og folkemusikkultur og har sidan 1920 skipa til stemner kvart tredje år med deltakarar frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Island og Færøyene. Samarbeidet driv også prosjekt, informasjonsarbeid og kurs mellom stemna, i tillegg til at ein har eigne stemne retta mot barn og unge. På teaterfeltet samarbeider vi med teaterorganisasjonar i alle dei nordiske landa.