Hopp til hovedinnhold
Styringsdokument

Etiske retningslinjer

Fastsett av styret 20.11.2020

Revidert 10.06.2023

Noregs Ungdomslag (NU) er tufta på eit frilyndt grunnsyn der vi har ein inkluderande samværskultur med trygge og rusfrie møteplassar, der alle blir møtt med respekt uansett alder, bakgrunn, politisk ståstad og livspraktisering.

Dei etiske retningslinjene til Noregs Ungdomslag er ei samanfatting av den etiske praksisen og reglane for å overhalde desse og gjeld alle ledd i organisasjonen.

Etikk handlar i denne samanhengen om kva som er rett og gale å gjere, og å kunne grunngi handlingane

innanfor det som samsvarar med lover, reglar og dei verdiane Noregs Ungdomslag bygger på.

Lover og regelverk dreg opp grensene for dette på mange område, men ofte må skjøn bli brukt. Det inneber óg at etikk er å velje kva ein skal gjere ut frå verdiar, normer og eiga dømekraft.

Retningslinjene skal vere lett å forstå, relevant i kvardagen og vere forma slik at dei kan følgast i praksis.

  • Etiske retningslinjer for NU gjeld for medlemmar som deltek på arrangement i NU, tillitsvalde i NU, tilsette i NU og dei som på oppdrag representerer NU.
  • Alle medlemmer i NU som deltek på arrangement, tillitsvalde i NU, tilsette i NU og dei som på oppdrag representerer NU, skal bli gjort kjent med dei etiske retningslinjene for NU.
  • Styret i NU har ansvar for å gå gjennom og fremme endringar til oppdateringar og revidering av retningslinjene.

1. Likeverd og inkludering

a. I Noregs Ungdomslag arbeider vi for at alle skal bli inkludert i organisasjonen.

b. For å sikre det gode samhaldet i organisasjonen skal både medlemmar og tilsette vise respekt for alle menneske som deltek i aktivitetane våre, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, religion, livssyn, seksuell orientering, funksjonsevne, sosial status, etnisk tilhøyrsle eller politisk ståstad.

c. NU tek avstand frå alle former for diskriminering, trakassering og mobbing.

2. Sette grenser

a. Arrangement i regi av Noregs Ungdomslag skal vere trygge og sosiale samlingsstader på tvers av generasjonar. Alle skal utvise respekt for kvarandre sine grenser. Ingen skal utsette andre medlemmar for fare.

b. Seksuell trakassering, seksuell overskridande oppførsel og seksuelle overgrep er uakseptabelt. Om dette skjer på eit arrangement i regi av Noregs Ungdomslag, skal retningslinjer for handtering av seksuelle overgrep, grenseoverskridande oppførsel i Noregs Ungdomslag nyttast.

c. Noregs Ungdomslag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle arrangement på sentralt plan skal vere rusfrie.

3. Rolleoppfatning og habilitet

a. Alle tillitsvalde og tilsette skal vere medvitne den makta og påverknaden dei har i relasjon til andre, og ikkje misbruke den tilliten dei har i kraft av vervet eller stillinga si.

b. Alle som deltek i handsaminga av ei sak i styret, NU-kontoret eller andre nemnder og utval i NU, skal sjølv vurdere habilitet og om vedkommande er inhabil i ei sak. Dersom du anten sjølv har eigeninteresse eller har eit nært slektskap eller forhold til nokon av partane med eigeninteresse i utfallet av saka, er du inhabil og skal ikkje delta i handsaminga av saka.

4. Forvaltaransvar og økonomisk ansvar

a. Alt økonomisk arbeid i Noregs Ungdomslag skal bli utført ærleg og reieleg og utan korrupsjon.

b. Det skal vere synleg at dei økonomiske midlane til organisasjonen og administrasjonen blir forvalta på ein ansvarleg måte.

5. Openheit i organisasjonen

a. Noregs Ungdomslag skal vise openheit i vedtak og prosessar. Protokollar, referat og vedtak som skal hovudregel vere tilgjengeleg for alle tillitsvalde og tilsette i organisasjonen. Ved handsaming av saker som inneheld sensitiv informasjon, kan styret vedta teieplikt for å sikre fortrulegheit til saka.

Reaksjonar ved brot på dei etiske retningslinjene

Brot på dei etiske retningslinjene kan bli meldt til leiar i Noregs Ungdomslag eller generalsekretær. Brot på dei etiske retningslinjene vil føre til sanksjonar etter vurdering av kor alvorleg saka er. Dette kan medføre desse sanksjonane:

  1. munnleg eller skriftleg åtvaring om å endre oppførsel
  2. utestenging frå arrangement eller aktivitetar for ein avgrensa periode
  3. tap av posisjon, oppgåver eller tillitsverv for ein avgrensa periode
  4. eksklusjon frå arrangement, tap av posisjon, oppgåver eller tillitsverv og/eller eksklusjon frå organisasjonen permanent.

Saker som fell under punkt 1, 2, og 3, blir handsama av arbeidsutvalet (AU) i Noregs Ungdomslag. I saker som fell under punkt 4, legg arbeidsutvalet (AU) fram saka til styret i Noregs Ungdomslag som gjer eit vedtak.

Styret i Noregs Ungdomslag kan suspendere medlemmar i organisasjonen dersom personen blir skulda, mistenkt eller meldt for alvorleg brot på retningslinjene til organisasjonen eller straffelova. Den det gjeld, kan bli suspendert frå arrangement, verv og oppgåver inntil saka er avklart med politi, rettsinstans og i organisasjonen. Suspensjon vil stå inntil eit anna vedtak er fatta.

Eigne ombod på arrangement

På større arrangement som t.d. landsmøtet skal det bli valt eigne ombod som deltakarane kan gi varsel til om andre bryt dei etiske retningslinjene til Noregs Ungdomslag. Mandat til ombodet skal vere skildra i beredskapsplanen til tilskipinga.

Fleire styringsdokument

Sjå alle
Styringsdokument

Fagpolitisk plattform

Den fagpolitiske plattforma til Noregs Ungdomslag seier kva som har vore og skal vere prioriterte område for organisasjonen. Gjeldande fagpolitisk plattform vart vedteke på Landsmøtet i 2018.

Styringsdokument

Mandat rådsmøte for folkedans

Vedteke av styret 17. september 2023.

Styringsdokument

Prinsipprogram

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen: