Image

Arbeid i styret

StyremøteÅ vere tillitsvald i ungdomslaget eller ein annan lokal organisasjon kan vere inspirerande, lærerikt, utviklande og til tider frustrerande eller utmattande. Målet med dette kursemnet er å betre grunnlaget for at tillitsvervet blir interessant og oppløftande.


Kurslæraren skal formidle idear, utfordre deltakarane og komme med oppskrifter og praktiske tips.

Temaet egnar seg godt å jobbe med gjennom samtale i plenum, arbeid i grupper, gjennom leik og ved at deltakarane løyser praktiske oppgåver. Bakgrunnsstoff, forslag til oppgåver og presentasjonar som du kan kopiere til lysark (transparent) finn du i permen.

Aktuell tilleggslitteratur er m.a. heftet Ledertrening, utgjeve an Norske 4H, Fra leder til veileder (LNU / Rørmark 1998) og Organisasjonshandboka til Norges Bygdeungdomslag.

Dette emnet er delt inn i fire deltema:

  • Motivasjon, samarbeid og kommunikasjon i styret
  • Rollene som tillitsvalde
  • Leiaren
  • Årsmøte og andre møte




Last ned: presentasjon (.pdf)


Last ned: teori (.doc)

Ta kontakt for å få dokumenta i andre format

 



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign