Image

Påmeldingsfrist 1. Mars!!! Instruktørkurs 15.-17. mars i Stavanger

Noregs Ungdomslag har lang erfaring med opplæring av instruktørar. NU tilbyr teaterkurs og folkedanskurs i to modular, retta mot dei som vil bli instruktørar. I tillegg vert det denne helga organisasjonskurs.

 

Merk at instruktørkurs folkedans og teater startar klokka 10 om morgonen fredagen.
Kursa varar til klokka 16 sundagen. Kurshaldarar på folkedans er Sigurd Johan Heide og Live Karin Liaskar, spelekvinne er Tove Solheim. Informasjon om dei andre kurshaldarane kjem etterkvart.

Laurdag kveld vert det stordans med middag i regi av BUL Stavanger. Middag og dans er open for alle, men krev påmelding. Meir informasjon om det lengre nede på denne sida.

 

Stad: BUL Stavanger sine lokale, Siddis-stova. Adresse: Rektor Oldens gate 17, 4022 Stavanger
Kursavgift, instruktørkurs modul 1: kr 1500 for medlemmer i NU og kr 2300 for andre. Dette inkluderer kurs og lunsj alle tre dagar. 

Frist for påmelding: 1. mars (bindande påmelding).
Overnatting: Overnatting må deltakarane ordne sjølve, men dei to næraste hotella er Rica Forum Hotel  www.booking.com/hotel/no/rica-forum.html som er like ved sida av lokalet, og First Hotel Alstor  www.booking.com/hotel/no/first-alstor.html, som er ca. 10 minutt å gå frå kurslokalet.
Om pris er viktigare enn nærleik til kurslokalet, lyt de bu inne i Stavanger sentrum. Då tek det ca. 10 minutt med buss  til lokalet, men ver obs på at busstilbodet på sundagar ikkje er det heilt store, så hugs å sjekke busstidene  reiseplanlegger.kolumbus.no/scripts/TravelMagic/travelmagicwe.dll/svar. Næraste holdeplass til Siddis-stova er Stavanger Turnhall. Derifrå er det ca. 4 minutt å gå. NU har avtale med Nordic Choice-kjeden, så om de ynskjer å bu i sentrum, kan det løne seg å booke på eit av deira hotell. For å få rabatt, må du då gå direkte på  www.nordicchoicehotels.no/ og skriv inn i feltet kampanjekode: 66457 det vil då kome opp prisar merka idrett. Foreløpig er det det desidert billegaste alternativet.

 

Instruktørkursa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen, og gjennom opplæringa utviklar NU instruktørar med brei kunnskap om og innsyn i aktiviteten.

 

Modul 2 av kursa vert arrangert 18.-20. oktober 2013.

 

Kursa blir annonsert på denne sida, i nyhendebreva våre (epost) og i medlemsbladet Ungdom.


Vel møtt!

Meir om Stordansen: 

VÅRFEST I SIDDISSTOVA

Laurdag 16. mars kl 19:00
Servering av varmmat, kaffi og kaker
Underhaldning og dans
Billettpris: kr. 300,-
Musikk ved: Rykk og Reis og Jæren frilynte
Påmelding innan 5.mars til bul.stav@gmail.com
eller tlf. 91 66 24 38

 

 

 


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign