Image

Kvifor skal teater/revygruppa vere medlem i Noregs Ungdomslag?

Så kva får DU som medlem i NU?


  • Eit stort felleskap med nærare 150 andre grupper (og kring 2000 personar) der du kan utveksle idéar, erfaring m.m.
  • Billegare deltaking på instruktørkursa våre -sjå meir om instruktørkursa våre: ungdomslag.no/
  • Billegare deltaking på NU si sommarleir for ungdom der det bl.a. vert halde kurs innan teater-og revyarbeid.
  • Veiledning og støtte frå teaterrådgjevaren på NU-kontoret samt teaterrådet i NU.
  • NU har avtale med Nordic Choice-kjeden. For å få rabatt, må du då gå direkte på  www.nordicchoicehotels.no/ og skriv inn i feltet kampanjekode: 66457 det vil då kome opp prisar merka idrett (20% rabatt).
  • Medlemsbladet Ungdom, eller Norsk Barneblad (Ungdom= over 14 år, Norsk Barneblad= under 14 år).
  • Og sjølvsagt alle dei opplevingane ein berre får i NU-lag :) -Sjå gjerne «10 gode grunnar for å vere medlem»: ungdomslag.no/



Kva får LAGET som medlem i NU?


  • Moms-kompensasjon via NU etter forenkla modell (om de ikkje er medlem i ein større organisasjon, krevs det mykje meir dokumentasjon).
  • Frifond-pengar, både grunnstøtte og Frifond-teater. -De kan då ikkje søke Frifond-pengar direkte frå frifond.no  Frifondmidlar krev deltakarar under 26 år.
  • De kan søkje vaksenopplæringsmidlar frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon (de må vere medlem av ein nasjonal organisasjon for å få midlar derifrå).  Krev minimum 3 deltakarar over 14 år. Studieforbundet sine sider: www.kulturogtradisjon.no/
  • Høve til å leige reiseinstruktør til ein svært billeg penge -sjå meir på reiseinstruktørsida: ungdomslag.no/
  • Sjå ellers sidene våre om stader de kan søke om midlar frå; «søk pengar»:ungdomslag.no/
  • Om de melder dykk inn i eit allereie eksisterande medlemslag, har dei ofte lokaler de kan nytte gratis.
  • Stemmerett på landsmøtet i NU.
  • Samt dei fordelane ein også har som einskildmedlem.


Kva krav er det til å verte medlem?


  • Som einskildmedlem kan du melde deg inn i eit lokallag, eller melde deg inn beinveges (direkte) hjå NU, og betale kontigent kvart år.
 
For både einskilde og lag, sjå gjerne på kontigentsida vår: ungdomslag.no/  der vil de finne informasjon om kontingentar og innmelding.

  • Som gruppe må de opprette eit lag med minimum 5 medlemer, ELLER melde dykk inn i eit lokallag i NU og starte/bli med i ei gruppe der.
  • Laget må betale lagskontigent på 1000,- per år (satsen vert avgjort på landsmøtet kvart år).
  • Laget må betale medlemskontigent til NU kvart år på 90,- per medlem under 26 år, og 180,- per medlem over 26 år. Det er opp til kvart    einskild lag kva dei ynskjer å krevje i medlemskontigent inn til sitt lag.
  • Dersom de er i eit fylke med fylkeslag, må laget kvart år betale alt frå 0,- til 80,-  per medlem i fylkeslagskontigent.
  • Laget må halde seg innafor Noregs Ungdomslag sine lovar og føresegner. (Kortversjon: frilynt. Altså utan religiøs eller politisk tilknyting, og ellers ikkje-diskriminerande).


Ynskjer du meir informasjon om korleis du eller ei gruppe kan verte medlemer i NU, evt andre spørsmål knytta til lagsarbeid?
Kontakt organisasjonskonsulenten Alf-Steinar Nekstad på e-post: post@ungdomslag.no eller på telefon: 24141110 (man-fre 09.00-15.00)
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign