Image

Kven veit? Resultat etter første runde 2015

Resultat etter første runde er no klar, og Røstkvervet UL leier med 28 poeng! Men Bergen UL Ervingen ligg hakk i hæl med 27 poeng og BUL Kristiansand, Røros Folkedanslag og Samhald UL har sanka 26 poeng.

Resultat for juniortevlinga er og klar. Her finn ein Fjelli UL i tet etter første runde med 24 poeng.

Les heile resultatlista for senior her (PDF)

Les heile resultatlista for junior her (PDF)
 

 

Protestar frå deltakarlaga

Etter første runden har vi motteke fleire protestar på spørsmål 1.2, 8.3, 9.1 og 10.2.

1.2, Spørsmålet var Kva del av kroppen er det som vert råka om du har rakitt eller engelsk sykje? der det oppgitte fasitsvaret var skjelettet. 

Vi seier oss enig i at svara beina og beinvev er godkjente svar.

8.3. spørsmålet var Kor mange gonger har Jonny Logan vunne Eurovison Song Contest? der det oppgitte fasitsvaret var 2.

 

Vi ser at spørsmålet var dårleg formulert frå vår side; han har vunne to gonger som songar, men han har og vunne ein gong som songskrivar. Dette visste fleire av laga, og vi gir difor og rett på at svaret er tre gonger.

9.1. spørsmålet var Kven var det andre menneske som planta sine bein på månen? der det oppgitte fasitsvaret var Buzz Aldrin. 

Vi har godteke Edwin Aldrin sidan Buzz berre var eit kallenamn, og har og gitt 1/2 poeng for berre etternamn.

10.2.spørsmålet var Kva hav grenser Nederlands kyststripe til? der det oppgitte fasitsvaret var Nordsjøen.

Vi ser at spørsmålet var dårleg formulert frå vår side; Nordsjøen er eit havområde og ikkje eit hav. Havet Nederland grensar til er Atlanterhavet,  og vi gir difor og rett svar på dette.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign