Image

Landsmøtet 2015

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Quality Hotel 33 i Oslo, laurdag 18. og søndag 19. april. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

 

Påmeldingsfristen til landsmøtet var 20. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn:

 

1. Fullmaktsskjema, som stadfester at personane har fullmakt til å representere laget 

Dette kan sendast inn direkte på nett gjennom denne lenka

Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet du då fyller ut.

 

2. Påmeldingsskjema frå kvar utsending, der ein melder seg på dei ulike seminara

Påmeldingskjemaet kan fyllast inn direkte på nett gjennom denne lenka. *

Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet som då skal fyllast ut.

 

* Lenka til påmeldingsskjemaet, om du vil sende denne på epost til utsendingen slik han/ho kan melde seg på direkte: http://goo.gl/forms/8YQaepa4q0

 

Adresse for innsending av fysiske skjema er post@ungdomslag.no, evt NU, postboks 414 sentrum, 0103 Oslo.

 

Timeplan og saker til handsaming:

Under www.ungdomslag.no/lm er all praktisk informasjon om landsmøtet lagt ut. Her finn du m.a. sakliste med lenker til saksdokument, årsmelding og rekneskap, samt praktisk informasjon om landsmøtehelga.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign