Image

Røstkvervet UL og Fjelli UL er vinnarar av Kven Veit? 2015!

Resultata etter årets Kven Veit?-tevling er no klar! Og det var Røstkvervet Ungdomslag frå Sør-Trøndelag som tok sigeren med 78 poeng. Men Bergen Ungdomslag Ervingen var tett på, for berre eit poeng skilte første og andreplassen. Og dansarane frå BUL Steinkjer tok ein fin tredjeplass med 74 poeng.

I juniorgruppa var det Fjelli Ungdomslag som var skarpast med 62,5 poeng. Rand UL på andreplass fekk 61,5 og Fjærland på tredjeplass med 49 poeng. Alle tre laga er frå Sogn og Fjordane, så dette lovar godt for framtida for trivselsfylket. 


Fullstending resultatliste for både senior og junior finn du her (PDF)

Protestar frå deltakarlaga
Etter tredje runden har vi motteke protestar på spørsmål 9.1 og 10.1:

9.1: Spørsmålet var: Kva er er eit anna namn for Vermokaksjonen? 
Fasiten seier Tungtvatnaksjonen. Som eit av laga har påpeika så vart alle aksjonane med eit fellesnamn kalla Tungtvannsaksjonen, men sjølve Vemorkaksjonen hadde namnet Operasjon Gunnerside. Begge svara gir difor poeng.

10.1: Spørsmålet var: Kva heiter vinnarane av Nobels pris i medisin 2014? 
Fasiten seier May-Britt og Edvard Moser. Eit av laga har påpeika at det ikkje berre var ekteparet Moser som fekk Nobelprisen, mentoren deira John O`Keefe delte denne og med dei. Dette er riktig, men sidan det har vore mest fokus på May-Britt og Edvard Moser vel vi å halde fast på at om laget har svara berre dei to gir det 1 poeng. Og berre etternamnet Moser gir 0,5 poeng. 

Premiar
Vinnarlaga får 2.000 kroner, andreplass får kr 1.000 og tredjeplass får kr 500. I tillegg til diplom med heiderleg omtale.

Vi gratulerer vinnarane og takkar alle deltakarlaga for innsatsen!



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign