Image

Barneinstruktørkurs i Hordaland

Helga 25.-27. september er det barneinstruktørkurs i Bergen. Dette er kurset både for deg som har undervist barn tidlegare og for deg som aldri har undervist barn før. Det viktigaste er interessa og engasjementet for at barn skal få gode danseopplevingar gjennom folkedans. 

Instruktør denne helga er Anette Figenschou. Anette kjem frå Bodø, er ein engasjert pedagog og har lang erfaring som danseinstruktør og lærar for barn. 

Denne kurshelga er også fyrste helg i den nye instruktørsatsinga til Noregs Ungdomslag, der instruktørkursa vert delt opp i fleire tema, og vert arrangert regionalt. Denne helga er me sponsa av LNU (Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar) noko som gjer at me kan tilby reisestøtte for deltakarar opp til 26 år på tilsaman 20 000 kr. Er du 26 eller yngre så kan du søkja reisestøtte via e-post til halldis@ungdomslag.no 

Kursstad: Gimle, Kong Oscarsgate 18,5017 Bergen
Pris: 400 for kurshelga (reise og overnatting ordnar ein sjølve)

Tider: 
Fredag: 19.00 - 21.00
Laurdag: 10.00 - 16.00
Sundag: 10.00 - 15.00 

Frist for påmelding er 10. september. 


Påmelding
her og betaling gjer du her






 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign