Image

Folkedans og storpolitikk

På prent i Nationen 20. juli 2016:

I sommar er organisasjonen eg leiar 120 år, ein alder som skulle tyde på både god helse og omstillingsevne. Noregs Ungdomslag er mellom anna landets største folkedansorganisasjon, og dans, bunad, teater og språk har vore sentralt i alle desse åra.

Samtidig har Jimmy Åkeson frå Sverigedemokratane har foreslege at innvandrarar skulle lære seg svensk folkedans. Eit elendig forslag, men alle dei sentrale politikarane i Sverige snakkar no om svenske verdiar og svensk kultur. Folkedansen og anna kulturtradisjon er blitt storpolitikk og eit spørsmål om nasjonens ve og vel. Vi har hatt debatten her til lands også, med hærførarar som Christian Tybring-Gjedde og Aina Stenersen.

Auka innvandring, nye kulturmøter og eit tidvis ugreitt politisk ordskifte kan gi inntrykk av at nasjonen og norsk kultur er i fare. Men oppløysingstid og raske endringar har vi opplevd før. Med utvandring og urbanisering sist på 1800-talet forsvann det gamle bygde-Noreg, og vi fekk ein generasjon med rotlaus ungdom. Både i by og bygd blei det starta opp lag som skulle gje dei eit tilhaldssted. På møta var det høgtlesing, debatt, musikk og song. Etterkvart også dans og teater. I byane fekk man kaffistover og hotell, over heile landet ungdomshus. Med noko kjent frå heimplassen skulle ungdommane få att rotfestet og bli naudsynte ressursar for å bygge det nye Noreg.

Norskdomsrørsla blei det kalla. Det har innimellom vore feiltolka som ei bakstreversk og stivbeint beskyttar av norske tradisjonar. I realiteten er det snakk om å bruke det ein har av kjende tradisjonar å forme ei ny norsk framtid.

Konservative tradisjonalistar har difor sett på Ungdomslaget som lite tradisjonstru. Men arbeidet med tradisjonane har aldri aleine hatt som mål å konservere. Tradisjonane skulle takast i bruk, slik det til ein kvar tid har vore gagneleg og tilpassa samtida. Ungdomslaga skulle vere ein plass der tradisjonane blei brukt. Og tradisjon som er i bruk blir halde i hevd, men ikkje utan å bli endra.

All tradisjon er i stadig endring. Å ta tradisjonen i bruk handlar om å skape, enten umedvete eller som ein aktiv kulturarbeidar med klare mål. Tradisjon som ikkje blir endra vil forsvinne som levande kultur. Det kan opplevast som ei risiko å sette det vi kjenner, den kulturen vi er del av, i spill gjennom å opne for aktiv bruk og omforming. Men alternativet, å berre halde fast ved det gamle, er ikkje eigentleg noko alternativ.

I 120 år har ungdomslaga vore viktige møteplassar for rotlaus ungdom. Uansett hudfarge, foreldre og besteforeldres fødeland, så er dei velkomne i ungdomslaget. Dei nye medlemmane har ikkje først og fremst lært å ta del i ein ferdig definert norsk kultur, men dei har lært å vere aktive brukarar som også er med å forme nye tradisjonar. Det er det vi treng her til lands, fleire som med rotfeste i lokalmiljøet kan være aktive skaparar av kultur og levande lokalsamfunn, og forme framtidas Noreg.

Dei som kjemper for å halde fast ved det som var, kjem ingen veg. Morgondagen er aldri lik gårsdagen, og godt er det. Målet med integrering og alt kulturarbeid er ikkje å hindre endring, det er å få flest mogleg aktive i å skape framtida. Slik har Noregs Ungdomslag tenkt i 120 år, og slik vil vi halde fram.

Mette Vårdal
leiar Noregs Ungdomslag



Me



 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign