Image

Broderi: Importvare, kulturarv eller begge delar?

Det overordna tema for Fagdagene i bunad og folkedrakt er i år Broderi: importvare eller kulturarv? Og med utgangspunkt i broderi knytt til bunad, skal dei over hundre deltakarane drøfte bevaring, opplæring og berekraft i bunadsproduksjonen.

"Korleis ser historia til bunadsbroderiet ut, og korleis kan broderiet fortelje oss om mangfald, kreativitet og kulturelle strøymingar?" Konservator Kari Anne Pedersen frå Norsk Folkemuseum snakkar om dette sitt foredrag på Fagdagane. Ho tek i utgangspunkt i materiale frå Telemark, medan bunadstilverkar Oli Lilletvedt nyttar broderi frå Hardanger og bringedukar som inngang til same tema.

Nytt av året på fagdagane er også eit verkstadprogram tysdag føremiddag med eit mangfald av bunadsrelaterte teknikkar – hardangersaum, smøyg, perlebroderi og mykje meir.

Dei nye kåra til tradisjonshandverket
Med stadig lågare elevtal på design- og handverkslinjer i vidaregåande skule, og stadig færre lærlingar, er det klart at noko må gjerast om tradisjonshandverket skal ha ei framtid. Kirsti Kolle Grøndahl har leia ei nasjonal undersøking av dei små og verneverdige faga, og vil legge fram utdrag frå arbeidet som både fortel om statusen for faga i dag, og ikkje minst kjem med forslag til endringar i utdanningssystemet!

Eit gledelig tilskot til programmet er også besøk av kulturpolitisk talsperson i Arbeiderpartiet, Anette Trettebergsstuen, som under avslutningsseansen tysdag vil dele sine tankar om bunad som kulturarv og opplæringsområde.

Les meir om programmet her

Fagdagane i bunad og folkedrakt er eit årleg arrangement for alle bunadsinteresserte. Det er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Noregs Ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Institutt for bunad og folkedrakt.

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign