Image

Program og påmelding Landsrådsmøtet

Sendt ut per e-post 19.09.16: 

Til fylkeslaga i Noregs Ungdomslag!

Viser til innkallinga til landsrådsmøtet, sendt dykk på e-post 30. juni, og ettersender med dette program og sakliste for møtet.

Landsrådsmøtet 2016 blir som tidlegare varsla halde i Trondheim 22. og 23. oktober. Vi reknar med at dei fleste deltakarane kjem fredag kveld, men det er ikkje lagt opp til felles program denne kvelden. Vi startar møtet laurdag kl. 9, og avsluttar søndag kl. 14.

På laurdag kveld blir vi med på BUL i Nidaros sin haustleik. Pent antrekk, men ikkje bunad.

Overnatting og møtelokale blir på Quality Augustin Hotell, midt i Trondheim sentrum.

Påmelding til møtet skjer ved å trykke på denne lenka.  Her melder de frå behov for overnatting, matallergiar etc.

Deltakaravgift er kr 3.100 per person. Dette er kostpris for overnatting fredag-søndag, inkludert alle måltid laurdag og søndag. Om de ikkje treng overnatting, eller berre vil overnatte laurdag til søndag, blir prisen redusert med kr 750 per døgn. (Dette framkjem også i påmeldingsskjemaet).

Sakspapira blir også send til dei påmeldte deltakarane så snart påmeldingsfristen er ute, 1. oktober.

Hjarteleg velkomne til møte!

Sakliste/progam kan de lese her (PDF)



 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign