Image

Jasså, du er frilyndt?

Tekst: Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag 

Styret i Noregs Ungdomslag har utarbeidd eit forslag til nytt prinsipprogram for NU. Dette skal handsamast på landsmøtet i april i år, og programutkastet er no sendt på høyring, med høyringsfrist 1. mars. Utkast til prinsipprogram finn du her.
Image
I arbeidet med nytt prinsipprogram, har styret latt seg inspirere av eit Edvard Hoem sitat: ” Å vere frilyndt er å tru at mennesket er ikkje berre det det er fødd til å vere, men det det veks seg til å bli.” Å tru på og sjå einskildmenneska, og den enkelte sine moglegheiter, det er å vere frilyndt.

Det kan høyrast sjølvsagt ut. Men på 1800-talet var det ikkje det. Ein blei ikkje oppmoda til å tenke sjølve og ta eigne val. Konge og regjering bestemte korleis landet skulle styrast, prestane bestemte kva du skulle tru og far din bestemte korleis liv du skulle leva. Nei, alle gjorde ikkje som dei blei fortald, men ingen lærde deg å tenke sjølve. Det skulle den frilynde ungdomsrørsla gjere noko med.
Å vere frilyndt var å ha eit fritt lynne, tenke sjølve og gjere eigne val. For å gjere det, trongde ein opplæring. Både betre skulegang og røynsler med å forme eigne tankar, drøfta dei med andre og sette dei ut i livet. Ungdomslaga og folkehøgskulane var arena for eit landsomfattande omskulering av lydige landsmenn til aktive innbyggarar i eit levande demokrati.

I dag er både den sjølvstendige tanken, trua på den einskile som tenkande og deltakande i samfunnet og demokratiet sjølvsagt. I alle fall for dei fleste av oss.

Mannen som i dag blir innsatt som president i USA og kanskje verdas mektigaste har twittra: ”Sorry losers and haters, but my I.Q. is one of the highest -and you all know it! Please don't feel so stupid or insecure,it's not your fault”. Det er nokre år sida, men i ulike former har han gjentatt innhaldet også etter at han blei vald til president. Det er forskjell på folk, nokre er smarte, andre er taperar. Det er slik frå fødselen og ikkje noko å gjere med.

Dette er det motsette av å vere frilyndt. Dette er eit menneskesyn som ikkje trur på den einskilde, som meiner nokon er betre enn andre, og at dei som er best også bør bestemme over dei som ikkje er like gode.

Å vere frilyndt handlar om korleis vi møter andre og deira meiningar, med respekt og eit ope sinn. Me kan vere rykande ueinige med Trump, men me respekterer hans rett til å meine det. Som Grundtvig sjølv sa: “Frihed for Loke såvel som for Thor”. Vi skal ikkje akseptere alt som blir sagt og meint, vi er ikkje haldningslause, men ved å vere opne og respektere også meiningsmotstandare sin rett til å kjempe sine saker får vi eit meir mangfaldig og rikare samfunn.

Å vere frilyndt vil sei at vi gjev rom for ulike meiningar, og for utvikling av både menneske og samfunn. Å vere frilynd, å tru på den einskilde, respektere andre og gje alle like moglegheiter til å meine, ytre seg og ta del i demokratiet, og det er ikkje sjølvsagt for alle. Difor er det viktig at vi minner oss sjølve på dei ideane som organisasjonen vår er tufta på og held fram med å halde fana høgt.

---
Frilyndt er tema for kunnskapstevlinga Kven veit? i 2017. Her kan du lese studieheftet om temaet


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign