Image

Einar Olav trio spelar til dans på landsmøtet

I samband med landsmøtet vert det  dansefest med Einar Olav Larsen Trio. På dansefesten vert det lagt opp til eit variert danseprogram med både runddans, turdans, bygdedans og songdans. Dansefesten vert halden i Bygdelagssamskipnaden sine lokale, som ligg knappe 150 meter frå landsmøtehotellet, og er open for andre enn landsmøteutsendingane. 

Einar Olav Larsen trio vart til etter eit møte mellom folkemusikar Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianisten Daniel Trustrup Røssing frå Levanger. Dei møttes føste gong på Hilmarfestivalen i 2006, og nettopp Hilmar Alexandersen og samspelet med pianisten Sturla Hallås er fremste inspirasjonskjelda for trioen. Eit samspel kjenneteikna av elegant felespel og orginalt piano-akkompagnement, som Alexandersen og Hallås utvikla gjennom meir enn 20 år med speling på bryllaup og fest på Innherred. Og det er denne sampelstradisjonen Einar Olav Larsen trio byggjer vidare på.

Einar Olav Larsen Trio består denne kvelden av:

Einar Olav Larsen, fele
Daniel Røssing, piano
Bárður Reinert Poulsen, kontrabass

Adresse: Nordahl Bruns gate 22. Dansefesten tek til kl 20.30. Pris: NU-medlem kr 100.- ikkje NU-medlem kr 200.- (landsmøteutsendingane har fri inngang)

DU KAN KJØPE BILLETT PÅ FØREHAND HER

Image


Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign